Hopp til innhold

69 søkjarar vil ha Espen som sjef

Lensmannen i Bremanger kunne velje og vrake i heile 69 søknader då dei skulle tilsette to nye politibetjentar. For få år sidan var det vanskeleg å finne folk til jobbane.

Espen Gulliksen

LENSMANN: Espen Gulliksen har nyleg starta jobben som lensmann i Bremanger. No får han mange søkjarar til ledige stillingar.

Foto: Maria Pile Svåsand

Det vart litt ekstra arbeid for lensmann Espen Gulliksen i Bremanger då han skulle gå igjennom søknadene. 69 søkarar håpa å få jobb som politibetjent på kysten, men Bremanger lensmannskontor har berre plass til to.

– Det vart lange dagar og lange kveldar, det vart ein voldsom materie å dykke nedi, seier lensmannen.

Godt utval

Han seier at dei fleste av søkarane er nyutdanna politistudentar som prøver å kome i gang med politiyrket.

– Dei har sikkert søkt Bremanger i tillegg til mange andre stader. Det er ikkje gitt at alle får jobb når dei er ferdige med utdanninga, seier Gulliksen.

For lensmannskontoret i Bremanger betyr det at dei har hatt eit stort utval av kandidatar å forsyne seg av.

– Jadå, vi har tilsett to som absolutt virkar å vere gode, seier lensmann Gulliksen.

Situasjonen har snudd

Tidlegare har det vore vanskeleg å få søkarar på desse stillingane. Sidan 2005 har det vore ein stor opptrapping av stillingar i politiet. Dei siste åra har det òg blitt uteksaminert større kull frå politiutdanningane.

– Dei to siste åra har vi fått haugevis av søkarar, på nokre stillingar har vi fått over hundre søkarar, seier visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden.

Sjølv om søkartala er høge, betyr det ikkje at det er trangt om plassane for dei som er ferske frå politiutdanningane.

Politidirektoratet opplyser at dei aller fleste nyutdanna frå Politihøgskulen får jobb det første året. Av dei som gjekk ut frå Polithøgskulen våren 2015, hadde 95,9 prosent ei stilling i politiet per 30. mars i år.

Ronny Iden

HAUGEVIS: Politiet i Sogn og Fjordane får haugevis av søknader, seier visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven

Manglar stabilitet

Sjølv om det har blitt lettare å fylle stillingane i distrikta, er det framleis ei utfordring å halde på dei som kjem.

– Nokon av dei som kjem hit er folk som verkeleg vil hit, men det er òg mange som kjem hit berre for at det er ledige stillingar, seier visepolitimeisteren.

For mange er stader som Bremanger springbrett til arbeid andre stader.

– Mange vil jobbe i byane, men ein jobb her ute er bra for å bli attraktiv seinare, seier Ronny Iden.