Det fyrste raset skal ha gått om lag klokka halv fire i ettermiddag. Per Inge Hole frå Sandane, som vart evakuert fyrst av alle, seier dei prøvde å snu, men at det med eitt rasa både framom og bak dei.
Vart redda ut av båt
Unni Løseth frå Årdal sat i ein av tre bilar som sat fast innerst i Kjøsnesfjorden. 1,5 timar etter rasa gjekk vart ho redda ut i båt av Ola Søgnesand og svigersonen Ragnvald. 6 personar vart skyssa over til garden Søgnesand på andre sida av Kjøsnesfjorden. Løseth seier det er eit guds under at ingen blei tekne av rasa.
Les meir om opplevinga hennar her:
Rygga frå jordmassane
Ragnvald Søgnesand fortel at dei to gonger prøvde å nå fleire av dei innesperra personane, men vèr-tilhøva vart så dårlege at dei måtte snu før dei kom fram. Dette vil seie at sjølv om alle personane no er redda ut frå rasstaden, står det framleis bilar att mellom rasa.
Foto: Torje Bjellaas
Spesialbåtar frå Stryn
Grunna dei store rasa og dei vanskelege tilhøva valde politiet å tilkalle såkalla 'MOB'-båtar, eller 'mann over bord'-båtar frå Vågsøy. Like etter desse blei sett på vatnet klarte likevel mannskap frå Mesta å rydde raset som stengde for 15 bilar. Dagfinn Brotnov i Mesta seier det var svært vanskelege arbeidstilhøve, og at redningsmannskapet frykta for sin eigen tryggleik. Likevel var både han og dei 4 andre Mesta-tilsette på staden aldri i tvil om at dei skulle halde fram med arbeidet.
Foto: Torje Bjellaas
Mellom 8 og 12 ras
Det skal ha gått mellom 8 og 12 ras på ei strekning på 2 kilometer, og dei dårlege tilhøva gjorde det livsfarleg å gå ut av bilane. Denne vegen er ein av dei mest trafikkerte vegane i Sogn og Fjordane.
Det vart vurdert å setje inn helikopter for å få personane ut av rasområda, men det dårlege veret sette ein stoppar for dette.