NRK Meny
Normal

Har avhøyrt eit titals personar etter drukningsulukke

Politiet i Florø trur ikkje det ligg noko kriminelt bak drukningsulukka i helga.

Drukningsulukke i Florø

DRUKNA: Ein 65 år gamal mann vart natt til søndag funnen død i Florøvika, like ved Hjørnevikbua.

Foto: Maiken Solbakken/Firdaposten

Eit titals personar er no avhøyrde etter drukningsulukka i Florø natt til søndag.

Den omkomne 65-åringen er sendt til Gades Institutt i Bergen for obduksjon.

– Førebels er det ikkje noko som tilseier at det har skjedd noko kriminelt, men i slike saker er det vanleg at vi avhøyrer personar som kan ha opplysningar eller som kan klargjere hendingsgangen, seier stasjonssjef Robert Veseth.

Gjennomfører avhøyr

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

STASJONSSJEF: Robert Veseth seier det førebels ikkje er noko som tilseier at drukninga i Florø er noko anna enn ei ulukke.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var i 02-tida natt til søndag at mannen vart funnen i sjøen nedanfor Strandgata. Personar på staden fekk 65-åringen på land og det vart gjort forsøk på gjenoppliving.

To legebilar og to ambulansar kom til staden. Mannen vart erklært død på staden av helsepersonell.

– Vi er i ein kartleggingsfase og har avhøyrt eit titals personar som kan seie noko om hendingsgangen. Det er der vi står førebels, og vi vil halde fram med det utover dagen i dag og i morgon, seier Veseth.

– Ta kontakt

– Er det nokon som har kunne kaste lys over det som skjedde?

– Eg vil ikkje gå i detalj, men det er personar som har opplysningar til politiet, ja.

Veseth oppmodar folk som kan ha informasjon om å ta kontakt med politiet.

– Eg vil oppmode folk som har vore i sentrum til å ta kontakt med oss om dei har sett eller høyrt noko som kan hjelpe oss i det arbeidet som er i gang no, seier han.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy