NRK Meny
Normal

63 pågripne i dopsaka

63 personar er pågripne i den store dop- og narkotikasaka politiet har avslørt. 22 av desse er frå Sogn og Fjordane.

Lisa Refsnes og Johan Brekke

Politijurist Lisa Refsnes og politimeisterJohan Brekke på pressekonferansen.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Politiet reknar med det er omsett doping for om lag 3,5 millionar kroner, og narkotika for ein halv til ein million kroner.

Saka skal ifølgje politiet ha link til Sverige.

Pressekonferanse

Sogn og Fjordane politidistrikt starta klokka 10:00 ein pressekonferanse i høve dopingsaka.

- Etterforskinga har avdekka eit landsomfattande nettverk, der det er omsett narkotika og dopingmidlar for store beløp, seier politimeister Johan Brekke.

I utelivsbransjen og på treningssenter

Etterforskingsleiar Gunnar Englund seier dopingmidlane har vore omsett i vekttreningsmiljøa, ein del er omsett i utelivsbransjen og ein del er selt til ungdom som er opptekne av kropp, og som ønskjer å ta snarvegar til å få ein større kropp.

Politiet trur ikkje dei sikta i dopingsaka har omsett anabole steroider til organiserte idrettsfolk.

Store beslag

Politiet har rulla opp eit landsomfattande dopnettverk etter den store narkotikasaka som vart avslørt i Sunnfjord i januar i fjor.

16 politidistrikt har vore involvert i etterforskinga av saka. Saka vart rulla opp då politiet i Sogn og Fjordane gjorde store beslag av anabole steroidar og narkotika i januar i fjor.

Politidistriktet har jobba med saka i over eit år. Det har vore gjort pågripingar i fleire politidistrikt i Sør-Noreg, og det har også vore gjort ein del store beslag i saka.

Ivar Blikar er advokat til den påståtte hovudmannen i saka, og meiner politiet vil skape blest om saka med ein pressekonferanse.

Les alt om: Den store dop- og narkotikasaka

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast