NRK Meny
Normal

Måløyraidsenteret får pengar til drift

Regjeringa innfrir løftet om driftspengar til Måløyraidsenteret. No manglar berre fylkespotten.

Avduking av Martin Linge statue

AVDUKING: 8. mai i år vart grunnsteinen for Måløyraidsenteret lagt ved avdukinga av denne figuren. F.v. Terje Sølvberg, statssekretær Himanshu Gulati (Frp) og dåverande Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H).

Foto: Bjarne Eldevik

I framlegget til statsbudsjett frå regjeringa ligg det inn 600.000 kroner til årleg drift av Måløyraidsenteret.

Dette lovde stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) allereie då han var med på å leggje grunnsteinen for senteret tidlegare i år. I dag er han stolt og glad:

– Det er svært gledeleg å slå fast at regjeringa no kjem med dei statlege midlane Måløyraidsenteret har søkt om. Det skal no vere mogleg å få senteret ferdig til 75-årsmarkeringa etter Måløyraidet neste år.

Glade og stolte

Hogne Bleie er fylkesnestleiar og gruppeleiar i Vågsøy for Framstegspartiet. Han fortel at det frå kulturdepartementet blir løyvd 1,2 millionar kroner meir til drift av Musea i Sogn og Fjordane. Ein del av det går direkte til det etterlengta senteret i Måløy.

– I dag er vi veldig glade. Vi får no driftsmidlar frå 2016 og i åra framover.
Det kjem til Musea i Sogn og Fjordane, men 600.000 kroner er øyremerka til Måløyraidsenteret.

– No manglar berre ei eingongsløyving på 800.000 kroner frå fylkeskommunen for å byggje sjølve senteret.

– Dei raudgrøne fylkespolitikarane har vore lunkne til å løyve desse pengane, fordi dei ikkje har trudd på lovnaden om at det ville kome driftspengar. Kva tenkjer du om det no?

– No har vi synt frå Høgre- og Frp-regjeringa at vi held ord. No forventar eg at Ap og Sp snur i denne saka og at dei er med på denne siste og heilt avgjerande løyvinga i fylkestinget neste veke, seier Hogne Bleie (Frp).