Hopp til innhold

– Viktig at alle møter opp

600 vaksne i Gulen og Masfjorden er no kalla inn til ny legesjekk etter Vest Tank-eksplosjonen. Det er viktig at alle møter, seier legen bak undersøkinga.

Fem år etter Vest Tank-eksplosjonen i Gulen, er 600 personar kalla inn til ny legesjekk.
Den skal gje svar på om innbyggjarane har fått varige helseskadar etter ulukka.

Helseundersøkjing etter Sløvågulukka

Gro Tjalvin, som er lege ved Haukeland Universitetssjukehus, tek i desse dagar imot mange som no skal inn til ny helseundersøking.

– I denne omgangen så kallar vi berre inn dei vaksne, det er om lag 600. Borna får kun eit spørjeskjema i denne omgangen, seier Tjalvin til NRK.

– Kva er grunnen til at ein gjer det så omfattande?

– Det er for at vi skal kunne konkludere om folk har fått nokre helseplager etter denne store eksplosjonen. Det er vi usikre på, ting tyder vel på at det ikkje er nokon alvorlege helseplager som har oppstått i samband med ulukka.

Tjalvin og hennar team av helsearbeidarar synes det er viktig at ein no nok ein gong set fokus på allmenhelsa til folk i Gulen og Masfjorden etter Vest Tank-ulukka. Og ho meiner det er avgjerande å finne ut status.

– Dette må vi prøve å finne ut no, og vi har vel sett at for dei som budde nært og arbeidstakarar i Sløvåg så har vi sett nokre lungesymptom og helseplager. Difor er det veldig viktig at folk møter fram no, slik at vi får sett om dei framleis har desse symptoma.

– Kvifor er det viktig at folk møter opp til helseundersøkinga?

– Det er viktig for at vi skal klare å trekkje ein konklusjon, for å sjå om folk har fått varige helseplager så lang tid som fem år etter. Difor er det veldig viktig at dei som ikkje har slike plager per i dag også møter. Dei må ikkje tenke at dei ikkje er viktige i denne samanhengen, seier Tjalvin.