Like før jul gjekk kommunestyret i Årdal inn for å kutte årets lønsbudsjett med 15 millionar kroner.
No skal kommuneleiinga og fagforeiningane forhandle om korleis kutta skal gjennomførast, frå begge sider er det eit mål at ingen skal bli oppsagde.
Hovudtillitsvald i Fagforbundet, Anne Kristin Dale, krev at kommunen gjer alt dei kan for å unngå oppseiingar.
– Det må vere målet, oppseiingar er absolutt siste utveg, seier ho til NRK.no.
- LES OGSÅ:
Kutta tvinga seg fram
Den ein gang så rike kraftkommunen Årdal har aldri tidlegare vore i ein slik situasjon, no må dei kutta for å unngå å hamne på fylkesmannen si liste over kommunar utan økonomisk styring, den såkalla Robek-lista.
Seinast i august varsla Fylkesmannen at Årdal ville bli meld inn i Robek, dersom dei ikkje klarte å dekke inn underskotet på 15 millionar kroner frå i 2011.
Kommunestyret vedtok å kutta lønsbudsjettet med 15 millionar kroner, noko som svarar til 39 årsverk. I praksis vil det seie at 60 tilsette i heil- og deltidsstillingar vil bli råka.
Ap-leiar Hilmar Høl sa i desember til NRK at kutta var heilt nødvendige. Kommunen som allereie hadde med seg eit underskot på 15 millionar frå 2011 fekk ytterlegare problem når dei også for 2012 enda på rundt 15 millionar i minus.
– Det har vore forferdeleg vanskeleg. Men vi må gjere desse grepa, så vi ikkje blir sett under administrasjon, sa Høl og viste til at kommunen ville unngå den såkalla Robek-lista.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ingen slepp unna sparekniven
Kven som blir råka er framleis uklart, det same gjeld kor vidt ein faktisk vil klare å unngå oppseiingar. Kommunalsjef Svein Arve Grindhaug seier ingen avdelingar vil sleppe unna sparekniven.
– Utgangspunktet her er at alle tenesteområde blir råka, alt frå eldreomsorg, skule til kommunaltekniske tenester, seier han til NRK.no.
Samtidig er han klar på at kommunen i det lengste håpar å unngå oppseiingar og at ein først vil fylle opp det som finst av ledige stillingar.
– Vi har som utgangspunkt at vi skal greie å gjere dette ved at vi utnyttar vakante stillingar, det vil seie stillingar som per dags dato står ledige. I tillegg vil vi bruke pensjonsavgang og at folk sluttar.
– Men det må og vere ein vilje i organisasjonen til å endre arbeidsstad, seier kommunalsjefen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det blir mykje uvisse
Årdal har lenge vore inne i ein tung periode, der ei rekkje industriarbeidsplassar har forsvunne. Dette gjeld både ved Hydro Aluminium, Dooria og NorSun.
Hovudtillitsvald Anne Kristin Dale i Fagforbundet vedgår at det vert ein tøff vinter for dei kommunetilsette som no skal gjennomføre politikarane sine kuttvedtak.
– Det er klart at dette ikkje har vore ei kjekk tid, eller blir ei kjekk tid å gå i møte. Det bli mykje uvisse og ikkje kjekt for dei som blir råka av endringane, seier Dale.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: