Hopp til innhold

60 prosent færre ulykker etter innføring av rumlefelt

SANDANE (NRK): Snart har Vestlandet 500 kilometer rumlefelt i midten av vegen. Dei skal vekke trøytte og uoppmerksame sjåførar.

Fresing av rumlefelt

RUMLEFELT: Vestlandet har fått 500 kilometer med rumlefelt. Maskinen klarar halvannan til to kilometer i timen. Dermed blir det blir mange kilometer i løpet av ein dag.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Fem år etter at dette tiltaket vart starta opp i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, meiner Vegdirektoratet at tala er særs oppløftande.

Dei siste åra har det vore minst ei halvering av alvorlege ulykker på strekningar der midten av vegen er frest.

Thorbjørn Thiem

JOBBAR MED TRYGGLEIK: Thorbjørn Thiem er rådgjevar Statens vegvesen og jobbar særskilt med trafikktryggleik.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Tala viser at oppimot 60 prosent av ulukkene forsvinn når vi har gjort dette tiltaket, seier rådgjevar Thorbjørn Thiem i Statens vegvesen.

Ristar og rumlar

Rumlefelt er i ferd med å bli eit vanleg syn på norske riksvegar. Nedfelte riller i asfalten der lyden og ristinga hindrar alvorlege møteulykker.

– Rumlefeltet hjelper når folk ikkje er merksame nok. Det kan vere at dei leitar etter tyggisen, kjeftar på borna i baksetet eller fiklar med mobilen sin. Og så hjelper det når folk byrjar å bli trøytte.

Ved E39 på Sandane skal fleire kilometer fresast denne sommaren – i ein nøye planlagt bølgeformasjon.

– Vi freser av eit lag av asfalten slik at det blir det karakteristiske mønsteret som ei sinuskurve.

Nye rumlefelt vert frest for å hindra ulykker

SJÅ VIDEO: Denne maskinen lagar spora i asfalten.

Halvering på «dødsveg»

Fresing av rumlefelt

FRESAR: Trommelen har tenner som raspar opp asfalten.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Det er berre fem år sidan denne metoden vart starta opp på Vestlandet. No kjem tala frå Vegdirektoratet som viser kor god effekt tiltaket har.

På den såkalla dødsvegen, E16 mellom Bergen og Voss, var talet på hardt skadde og drepne rundt 200 i femårsperioden før 2012. Så starta fresinga opp. Dei neste fem åra har talet på drepne og hardt skadde blitt halvert.

– På E16 har vi sett at ulukkestala har bortimot halvert seg. Der vi har sinusfrest, er det minimalt med ulukker. Det viser talmaterialet frå dei siste seks-sju åra.

Han seier at talet på møteulykker er i ferd med å stupe, samanlikna med tidlegare.

Men er dette eit like godt tiltak som midtdelarar?

– Eg vil seie det er eit betre tiltak. Eit fysisk skilje vil redde fleire på akkurat den strekninga der det fysiske skiljet er, men det er eit dyrt tiltak. Fresing er eit tiltak som vil rekke mykje lenger og dermed bergar vi fleire liv.

Skal frese mykje meir framover

Bil som køyrer over rumlefelt

VEKKJER FOLK: Eigne bilete frå Statens vegvesen viser også korleis rumlefeltet kan vekke folk – og dermed redde liv. Ein raud personbil, på veg over i motsett køyrefelt – møter rumlefeltet – før sjåføren brått rykker i rattet.

Foto: Statens vegvesen

Bilistane har etter kvart blitt godt vande med rumlefelta.

– Kjem eg kjem borti med eit uhell, vaknar eg litt til, så eg trur at det har ein effekt, seier Stefan Fagerli som ventar i køen medan vegen blir frest.

Så langt har nesten 500 kilometer blitt frest berre på Vestlandet, og det kjem til å bli mykje meir framover.

– Målet er å frese alle riksvegane som har breidde nok til det i region vest. Det blir også gjort på fylkesvegar, men der er det fylkeskommunane som bestemmer kor mykje vi skal gjere, seier Thiem.