Hopp til innhold

60 permitterte ved Florø-verft

60 av dei 100 tilsette ved skipsverftet Westcon Yard i Florø vert permitterte frå måndag.

"Deep Energy" til Florø

SISTE SKIP: 'Deep Energy' var det siste skipet Westcon Yard, tidlegare STX, sende frå seg. No vert 60 tilsette permitterte.

Foto: Truls Kleiven

Tillitsvald Audun Grønnevik seier han har god tru på at dei kjem tilbake i jobb i løpet av hausten.

– Eg trur dette kjem til å gå godt. Litt lenger ut på hausten får vi meir dockingar inn i docken, og vi får allereie ein båt no når vi begynner i arbeid att, seier han.

Førre skip verftet sende frå seg var «Deep Energy» i mai. Dette er eit av dei mest avanserte offshoreskipa i verda.

Med tanke på at dette skipet kravde eit stort tal på arbeidstimar, meiner Grønnevik det såleis er naturleg at ein så stor del av arbeidsstokken ved verftet vert permitterte no. Han trur likevel på betre tider mot hausten.

– Vi er også eit ombyggings- og reperasjonsverft, og det vil alltid ta seg opp igjen til hausten. Så dette er eg heilt sikker på går fint, men vi har ikkje nokon store kontrakter no, seier Grønnevik.