Hopp til innhold

60 millionar ekstra i tapskompensasjon

Venstre og Kristeleg Folkeparti har fått gjennomslag for 60 millionar i auka tapskompensasjon til fylkeskommunane. Sogn og Fjordane vil få ein del av dette.

Gunhild Berge Stang

VIL HJELPE, MEN: Fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang seier pengane vil hjelpe fylkeskommunen, men at det framleis vil bli trongt økonomisk for fylkespolitikarane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter at regjeringa la om inntektssystemet for fylkeskommunane, kom Sogn og Fjordane svært dårleg ut. Fylkeskommunen må kutte mellom 167 og 225 millionar kroner fram mot 2019.

Både opplæring og samferdsle står føre store kutt, og det kan bety nedlegging av vidaregåande skular og mindre pengar til vegar og kollektivtransport.

Fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang, seier gjennomslaget Venstre og Kristeleg Folkeparti har fått i forhandlingane med regjeringa, vil hjelpe på situasjonen.

– Vi får reversert nokre av dei verste kutta fylkeskommunen må gjere for å kome i mål økonomisk. Det betyr ikkje at det er lukrativt. Det blir framleis smalhans for fylkeskommunen, men vi håpar å unngå dei mest dramatiske kutta.

– Kor mykje betyr det for Sogn og Fjordane?

– Det skal fordelast på fleire fylke, men Sogn og Fjordane vil få god utteljing av dette, for vi er dei som får svi mest for det nye inntektssystemet, seier Berge Stang.