Hopp til innhold

Her heidrar dei «fylkesdronninga»

– Eg tykkjer det er fantastisk å bli parodiert, for det er sett inn i ei morosam samanheng, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Leikanger mannskor - Palmerevyen

FYLKESDRONNINGA: Dette er eit av dei 24 nummera i den to timar lange framsyninga til Leikanger mannskor.

Foto: Leikanger mannskor

Ho er imponert over årets palmerevy som hadde premiere på Leikanger i går kveld.

– All ros til denne gjengen. Palmerevyen er eit høgdepunkt ved inngangen til påska. Dei hadde fått meg seg dei fleste sakene som har vore siste året, og vi fekk vårt, seier ho begeistra.

Og som ein kjent person i fylket er ho vand med å spelt av ein mann på scena.

– Han som spelar meg har blitt dyktig både i måten å kle seg ut på og måten å vere på, ler ho.

Fekk ikkje synge på songane

Dei fleste maktpersonar i heile fylket har fått merke den årvisse Palmerevyen som Leikanger mannskor står bak. I år blir han spelt for 60. gong. Det heile starta nemleg i 1960.

– Det er ein revy som har vakse, for det starta i det små, fortel revysjef Roar Werner Vangsnes.

Far til Vangsnes var med å starte revyen, så revysjefen er nærast oppvaksen med han.

– Då vi borna var små song vi på tekstane i hagen. Far sa då at «De må halde kjeft, ungar. Vi kan ikkje røpe tekstane på revyen», ler han.

– Er de strenge om folk syng på revynummera dykkar no?

– Nei, men det er klart at dei som kjem på revyen, har ikkje lyst å vite alt. Det kanskje mest hemmelegstempla dokumentet i Sogn fram mot påske, er manuset til Palmerevyen. Det er mykje politisk satire og andre spennande ting, som folk gler seg til.

Trur mange i salen er nervøse

Arbeidet med årets revy starta rundt juletider. Sjølv om det har vore travle dagar i innspurten, seier Vangsnes at dei er flinke til å ta vare på kvarandre.

– Vi brukar mykje tid på å bli glade i kvarandre og lage god stemning.

– Blir du nervøs?

– Eg trur om du ikkje har nervøsitet med deg når du skal prestere, blir det dårleg resultat. Men det gjeld å finne balansen, slik at det ikkje går heilt i «badl».

Leikanger mannskor er heilt avhengig av publikummet for at dei skal halde koken også i åra framover.

– Vi hadde aldri spelt 60 revyar på rad om vi ikkje hadde eit trufast publikum som kjem år etter år. Spesielt på premieren er mange også nervøse, litt på våre vegner, men også om dei blir nemnde i eit nummer. Men dei som blir nemnde, er glade til. Trur eg.

Stor tru på framtida

Med mange nye storkommunar og ikkje minst nytt fylke, er ikkje Vangsnes redd for tilfanget.

– Vi skal halde oppe ambisjonane og lage ein utruleg god revy kvart år.

Eit av nummera hyllar Følling som den siste «fylkesdronninga». Ho er likevel ikkje redd for å bli utelaten i åra framover.

– Dei har store ambisjonar for meg som ordførar i Sunnfjord kommune, så ingen veit om eg dukkar opp att, ler ho.