– Eit hovudpoeng i kvalitetsreformen er å betre den individuelle oppfølgjinga av studenten og det krever jo ressursar, og då har vi fått handlingsrom til å kunne fortsette arbeidet på dette punktet. Og 6 millionar tilsvarer ei auke på 3,9 millionar i høve i fjor, opplyser Thaule.
Kvalitetsreformen skal effektivisere høgskule- og universitetsutdanningane, og gjere det norske systemet meir internasjonalt tilpassa. Og i samband med ein plan for opptrapping av doktorstipendiatstillinger er det lagt inn midlar til eit nytt doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
-Det betyr at vi hever kompetansenivået vårt, og blir meir konkurransedyktige i høve dei andre høgskulane og universiteta i Norge, seier Thaule.