Hopp til innhold

6 månadar i fengsel for overgrep

Gulating lagmannsrett stadfestar dommen om seks månader fengsel for ein overgrepstiltalt mann i 20-åra. Mannen vart saman med tre andre tiltalt for seksuell omgang med ei mindreårig jente, under Malakoff 2015 i Eid. Dei tre andre er frikjende for overgrepet. Mannen var klar over alderen til jenta. Lagmannsretten la ikkje nemneverdig vekt på at jenta sjølv medverka i overgrepet. Han må også betale jenta 75.000 kroner i erstatning.