Gjennomsnittsfarten forbi målepunktet er vel 86 kilometer i timen. Målepunktet er plassert mellom dei to fotoboksane som er i Lærdalstunnelen.
Snittfart på 86 km/t
For dei fleste bilistane ligg ikkje så veldig mykje over 80-grensa. Det er ein gjennomsnittsfart på vel 86 kilomter i timen forbi målepunktet til vegvesenet.
- Det viktigaste er å ta dei få som køyrer styggfort, seier Veum.
Og til å ta desse verstinganeer det to fotoboksar inne i den 24 kilometer lange tunnelen. Dei fleste veit kvar desse boksane er, og dermed blir farten dempa på desse strekningane.
Bråbremsa for fotoboks
Det høyrer med til historia at ei av dei få trafikkulukkene som har vore i Lærdalstunnelen skjedde då føraren oppdaga fotoboksen og bremsa så hardt at han miste kontrollen og hamna i fjellveggen.
Målepunktet til vegvesenet ligg mellom fotoboksane, og gir eit meir realistisk bilete av fartsnivået. Men sjølv om det gjennomsnittlege fartsnivået ligg nærare 90 enn 80, og det er god veg, er det ikkje snakk om å heve fartsgrensa.