Hopp til innhold

58 centimeter snø på Fosshaugane

Graset på Fosshaugane er dekka av 58 centimeter snø under ein månad før eliteserien blir sparka i gang.

Tom-Idar Teigen

PUDDERSNØ: Banemann Tom-Idar Teigen i djup snø på Fosshaugane.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er klart det er ekstremt når me har så mykje snø og så tidleg seriestart, og det er ikkje tvil om at det me driv med no er dyrt. Hadde naturen kunna tint bana på vanleg måte hadde det vore betre, seier banemann på Fosshaugane, Tom-Idar Teigen.

Undervarmen jobbar

Han står i eit lag med fin puddersnø. Under der ligg eit kraftig skarelag som han kan gå stødig på. Eit godt stykke under der igjen ligg graset på Fosshaugane som det skal spelast eliteseriekamp på allereie 3. april. Under det renn varmt vatn gjennom eit nettverk av slangar.

– Det er 58 centimeter her no. Då me slo på undervarmen for ei veke sidan var det 70. Då hadde me også eit sju centimeter tjukt islag i botnen, men det er no tina vekk, seier Teigen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Djup snø på Fosshaugane

MYKJE SNØ: Denne stolpen er til orientering 80 centimeter høg.

Foto: Arve Uglum / NRK

Heldige med terminlista

Sogndal er heldige med at dei har bortekamp i første serierunde før det er eliteseriepause på grunn av landskampar. Etter terminlista skal Sogndal spele treningskamp mot Løv-Ham den 26. mars på Fosshaugane, og Teigen reknar med det skal gå greitt.

- Etter planen skal det vere snøfritt her rundt 7. mars. Det er ikkje så lenge til, men no er det jo litt sol og forhåpentlegvis er det eit mildver på veg.

I følgje yr.no skal det koma mykje nedbør dei neste dagane, men det er usikkert om det kjem som regn eller snø.

Vil ikkje måke

– Me har jo alternativ dersom det blir meir snø. Den siste løysinga er å rett og slett brøyte bana, men det vil me helst sleppe. Det utsett graset for mykje stress og press, seier Teigen.

– Du lovar at det skal bli snøfritt, men kan du lova at bana blir grøn?

– Det er ein risikosport kvart år. Men når snøen er borte sår me nytt gras og dekkar til med dukar for å få i gang vekstgrunnlaget slik at det kan bli grønt.