Hopp til innhold

Over 50 gonger dei siste fem åra har denne pendlarvegen blitt stengd av ras

Dei siste fem åra har pendlarvegen for 150 innbyggjarar blitt stengd 56 gonger på grunn av ras. Dei fryktar at nokon må døy før det skjer noko med vegen.

Raset på fylkesveg 92 i Vik

STADIG RAS: Innbyggjarane langs sørsida av Sognefjorden er lei av at dei ikkje blir prioritert for rassikring.

Foto: Øystein Strand Lohne/Statens vegvesen

– Det verkar som politikarane gir ein god faen i korleis det går med oss. Må nokon døy for at vi skal få betre rassikring, spør Ola Halset.

Natt til laurdag hamna han midt oppi endå eit rasdrama langa fylkesveg 92 i Vik i Sogn. Vegen inn til dei små bygdene langs fjorden er livsnerven, og mange køyrer vegen kvar dag.

Å få betre rassikring har vore ei kampsak for bygdefolk i ei årrekkje. No byrjar dei å bli utolmodige.

– Folk kvir seg for å køyre vegen, men vi er jo mange som lyt gjere det kvar einaste dag. Vi er ikkje fleire folk enn at vi vil behalde alle, så no må noko snart skje, seier Halset.

Ola Halset

FORBANNA: Ola Halset frå Arnafjorden i Vik i Sogn.

Foto: Privat

Då han fekk eit steinras rundt bilen sin søndag klarte han å rygge seg ut, medan det hagla store steinar på alle kantar av bilen.

Halset får støtte av ordføraren i Vik, Olav Turvoll frå Senterpartiet.

– Fylkesveg 92 inn til Arnafjorden er nok den farlegaste vegen i Sogn. Vi har jobba for betre rassikring der lenge, men er framleis på andreplass på salderingslista til fylket over rassikringsprosjekt som ikkje har fått finansiering, seier Turvoll.

Ras stengjer fylkesveg 92 ved Eitreneset i Vik.

STEINANE HAGLA: Ola Halset hamna midt i eit ras sist helg på den frykta vegstrekninga.

Foto: Ola Halset

56 ras på fem år

Når Statens vegvesen går igjennom dei ulike hendingane på vegen dei siste åra, syner det seg at vikje har heilt rett i at det har gått mykje ras på vegen.

– Vi har 56 hendingar dei siste åra, og det er det både jord- og steinras, snøras og mindre steinspring, seier John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Men leiar i utval for samferdsle i Sogn og Fjordane, Noralv Distad frå Høgre, kan ikkje love at vegen får betre rassikring med det første.

– Den type ras som ein hadde i helga understrekar kor viktig det er med rassikring. Likevel har vi ein prioriteringsliste vi må forholde oss til, og bak den ligg det ei grundig vurdering, seier Distad.