Hopp til innhold

55 bønder sluttar med mjølk

55 bønder i Sogn og Fjordane sel mjølkekvoten sin i år. Kvotane utgjer til saman 3,1 millionar liter.

- Dette er ei utvikling som gir ekstra grunn til uro. Det seier Bjarte Nordanger, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, til avisa Firda.

Nordanger meiner at den einaste løysninga for å oppretthalde mjølkeproduksjon i fylket, er tiltak som gir bøndene betre inntening.

Viss bøndene ikkje vil tene meir på mjølkeproduksjon, er han redd kulturlandskapet vil gro att.