Hopp til innhold

5000 mindre å rutte med per asylsøkjar

Det kommunale asylmottaket i Florø får frå nyttår 5000 kroner mindre å rutte med årleg per asylsøkjar. Årsak: Anbodsprinsippet.

Asylmottak Florø

NEDSKJERING: Tilbodet til det vesle barnet og mora som bur på asylmottaket i Florø blir dårlegare dei komande åra. Dette fordi asylmottaket får mykje mindre å rutte med.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har vore ute på anbod no i haust og fått ny kontrakt, men etter forhandlingar har UDI gått ned i pris. Dette gjer at vi no får klart mindre å rutte med, seier Arild Melvær, leiar for Innvandrarsenteret i Florø.

Asylmottaket i Florø har vore drive i kommunal regi heilt sidan 1993 og kan i dag ta imot 130 asylsøkjarar. Då ny driftsperiode vart lagt ut på anbod i haust, vann mottaket i Florø anbodet. Men prisen vart pressa så mykje ned at mottaket frå nyttår vil få 5000 kroner mindre per asylsøkjar i året.

Kutta vil gå ut over asylsøkjarane. Eg likar det ikkje.

Arild Melvær

Kva følgjer kan dette få for asylsøkjarane?

– Når vi får mindre pengar, vil det gå ut over tilbodet til asylsøkjarane. Eg likar det ikkje. Vi må drive på eksistens minimum, seier Melvær.

Meiner private har konkurransefordel

Melvær fortel at dei private driftsoperatørane spom oftast har færre tilsette per asylsøkjar enn dei kommunale. Dei tilsette på dei private mottaka er ifølgje Melvær også som oftast litt dårlegare utdanna.Dei private driftsoperatørane har også billegare pensjonsordningar.

– I sum så vil ein privat driftsoperatør dermed ha lågare samla lønskostnader enn kommunale driftsoperatørar, seier Melvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asylmottak

GOD TONE: F.v. Leiar for innvandrarsenteret i Florø, Arild Melvær, og mottaksleiar Arild Hellesen (t.h.) i dialog med flyktningar i Florø.

Foto: Bård Siem / NRK

Vi kutte anbodssystemet

Melvær ønskjer at anbodssystemet blir lagt vekk og at asylmottaka i framtida blir drivne av staten eller kommunane.

– På den måten vil ein kunne få eit meir stabilt og godt fagmiljø. Ein vil også kunne sjå heile tenestetilbodet til asylsøkjarane under eitt. Ved å andre systemet slepp også staten å bruke mykje tid og krefter på anbodsprosessane, seier Melvær.

Men dei private driftsoperatørane hevdar dei kommunale driv både dyrare og dårlegare. Kva er din kommentar til det?

– Dette er direkte feil. Kva dokumentasjon har dei for ein slik påstand, spør Melvær.

Anundsen vil ikkje kommentere

Korkje justisminister Anders Anundsen (Frp) eller statssekretæren i Justisdepartementet ønskjer å kommentere saka. På Stortinget er det kommunalkomiteen som har ansvar for drift av asylmottak.

Tidlegare har leiaren i komiteen, Helge Andre Njåstad (Frp), gjeve klar beskjed om at det er uaktuelt å gå vekk frå anbodssystemet for drift av asylmottak. Norge er det einaste landet i Europa som legg drift av asylmottak ut på anbod.