Hopp til innhold

500 vil jobbe i nye Vestland

Rundt 500 søkjarar har meldt seg til dei om lag 100 ledige stillingane innan infrastruktur og veg i nye Vestland fylkeskommune, skriv Firda. Ei ny avdeling i fylkeskommunen skal ha kring 300 årsverk. 200 av stillingane er allereie henta frå Vegvesenet og dagens tilsette i fylkeskommunane.