NRK Meny
Normal

Dei fleste har no fått igjen straumen, men framleis er 500 abonnentar råka

Sterkt snøfall forsinkar straumselskapa i å få på plass straumen for helikopter kjem ikkje i lufta.

Feilretting

FEILRETTING: Mannskap frå Sogn og Fjordane Energi har det travelt med å rette feil etter ekstremvêret Tor.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har om lag 500 abonnentar som framleis er utan straum, etter at talet i går kveld var 7 700, seier Asgeir Aase som er konserndirektør nett i Sogn og Fjordane energi.

I Ytre Førdefjord har stort sett alle fått igjen straumen, også fleire av øyane i Flora har fått igjen straumen, men det står att norke i nordre del.

– No er det i ferd med å mørkne igjen, og det gjer arbeidet vanskeleg og dermed kan eg ikkje love at alle kan få igjen straumen i kveld, seier Aase når NRK snakkar med han klokka 17.30, laurdag.

Han får rapportar frå dei andre straumselskapa jamleg etter ekstremvêret Tor. På det meste var over 10 000 utan straum. No håpar selskapa at alle skal få straumforsyning tilbake.

Vanskelege arbeidsforhold

– Det er nokre vanskelege plassar som står att å få på plass straumen. Særleg på øyane, og hovudnett som ligg høgt i terrenget. Høgspennet er særleg vanskeleg, og langt frå veg.

Vêret i dag skaper ekstra problem ettersom tett snøfall hindrar helikopter å lette.

– Utfordrande når ein ikkje får helikopter i lufta, men dei har stått klare men får ikkje letta. Så då må mannskap ut til fots.

Asgeir Aase

ASGEIR AASE: Konserndirektøren for nett i Sogn og Fjordane energi samlar informasjon frå alle selskapa i fylket.

Foto: Johan Moen / NRK

Etter rapportering klokka 10 ser det ut som dei to største feila i talet på råka er utanfor Florø og Sørsida av Førdefjorden.

Ber om tolmod

– Vi har feil på linja frå Markevatn i Askvoll via Gjelsvik og Vevring-området, og endar opp ved Grov. Viss vi får inn den der og øyane då får vi raskt inn mange abonnentar, nærmare bestemt rundt 1500 abonnentar.

I tillegg har selskapa mindre feil rundt omkring som vil ta lengre tid å få på plass.

– Folk må nok vere litt tolmodige og ha litt forståing for situasjonen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.