NRK Meny
Normal

500 turnarar til Årdal

Om lag 500 turnarar frå heile fylket er venta til det årvisse barneturnstemnet, som i år går av stabelen i Årdalshallen.

Det er turnarar frå heile fylket som skal ha oppvisning i lagturn i Årdalshallen i helga.

I tillegg til turngrupper med lange og solide tradisjonar, som mellom anna Eid, Måløy og Skavøypoll, kjem det grupper med kortare tradisjonar. Mellom anna er turnrørsla i Høyanger på gang igjen etter nokre år i dvale. Dei stiller med heile 85 deltakarar.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen