Hopp til innhold

500 møtte opp for klatre i den nye parken

I dag fekk Eid sin første klatrepark. Det beste som har skjedd her nokosinne, meinte borna. Men parken er ikkje berre for dei minste.

Klatrepark - Nordfjordeid

FULLT: Apparata i klatreparken var knapt synlege i folkehavet som hadde møtt opp under opninga av den nye parken i sentrum.

Foto: Eid kommune

– Planen var opphavleg å vente til etter den offisielle opninga med å sleppe ungane til, men den planen måtte vi gje opp. Det var stappfullt ein halvtime før det opna, og vi kunne ikkje akkurat jage dei ut av anlegget berre for å klippe snora, ler ordførar Alfred Bjørlo (V).

Mange klatreparkar er i ferd med å sjå dagens lys. På Nordfjordeid opna dei i dag den nye klatreparken som ligg midt i Nordfjordeid sentrum i Kyrkjeparken.

Fall i smak

Over 500 hadde møtt opp til opninga. Av desse var rundt 300 born.

– Det var fullt køyr og masse liv. Fleire kom bort til meg etter på og sa at dette er det kjekkaste som har skjedd på Nordfjordeid nokon sinne. Så det er tydeleg at det fall i smak, seier ordføraren.

Også pensjonistlaget var på plass for demonstrere øvingar som passa for dei.

– Parken skal kunne brukast av ungar, men også av vaksne og eldre og samstundes vere tilgjengeleg for folk i rullestol, fortel Bjørlo.

(Artikkelen held fram under bileta)

Alfred Bjørlo klatrar
Foto: Eid kommune

– Ei god investering

Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane har tidlegare gått ut å gjeve eit tilbod til alle kommunar om vere med på eit spleiselag for å få bygd klatreparkar.

Eid kommune hang seg fort på dette tilbodet. Ein vanleg klatrepark kostar rundt 500.000 kroner. Sparebankstiftinga har saman med Norsk Tipping og Eid kommune spleisa på anlegget. Og byggjaren bak er Grønne Fingre AS frå Florø. Kommunen gått inn med ekstra midlar for å lage ein større park som er tilgjengeleg for alle og med eit vedlikehaldsfritt underlag.

Den samla kostnaden for denne parken har hamna på mellom 700.000 og 800.000.

– Dette er eit flott spleiselag og ei god investering som vil stå seg mange år fram i tid.

«Eidahjartet» på plass

Underlaget i parken er laga av 98 % resirkulert plast og gummi og gjer den tilnærma vedlikehaldsfri. Eit lite spor av Eid kommune er også innfelt i underlaget. Eit «Eidahjarte» i raudt prydar nemleg bakken i anlegget. Dette skal vere ein møteplass for alle, seier ordføraren.

– Det er ein del av det å gjere sentrum enda meir tilgjengeleg og triveleg. Å få til eit slikt urbant sentrum er viktig for få folk til å bu også i Sogn og Fjordane, seier han.

Klatreparken består av mange ulike apparat. Ordføraren fortel om klatretårn, balanseapparat og klatreløyper og trur det er rundt 15–20 ulike apparat.

– Eg håpar jo at dette kan vere noko å komme å sjå på for andre kommunar som også planlegg å bygge klatreparkar for å bli inspirert, seier Bjørlo.