NRK Meny

50.000 til krisetelefon

Krisetelefonen til Kirkens SOS i Bjørgvin får 50.000 kroner av fylkesutvalet. I fjor svarte dei nesten 19.000 telefonar frå folk som slit, mellom anna med sjølvmordstankar. Dei søkte om 75.000 kroner, men det tok ikkje fylkespolitikarane seg råd til. Kirkens SOS i Bjørgvin hadde vaktkontor i Førde i sju år, men la det ned i fjor etter problem med rekruttering.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.