Hopp til innhold

50 tilsette må byte jobb til hausten

På grunn av låge elevtal i åra som kjem, vil ikkje fylkeskommunen i Sogn og Fjordane ha bruk for alle dei tilsette dei i dag har i dei vidaregåande skulane.

Illustrasjonsfoto

ELEVTAL: Talet på elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane vil gå kraftig ned i åra som kjem.

Foto: Scanpix / Scanpix

I oppfølginga av skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i fylket, har fylkeskommunen kome fram til at om lag 50 tilsette i dei vidaregåande skulane må byte jobb innan skulestart til hausten.

Dei som ikkje får tilbod om ordinære stillingar i fylkeskommunen frå hausten av, vil få andre arbeidsoppgåver i eitt år medan fylkeskommunen prøver å finne alternative løysingar for dei.

– Fylkeskommunen skal vere ein ansvarleg arbeidsgjevar som skal strekkje seg langt for å finne gode løysingar, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Skinlo til NRK.no.

Håpar å finne relevante jobbar

Det nærmar seg no eitt år sidan fylkestinget klubba gjennom det framtidige skuletilbodet for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Færre elevar og mindre pengar tvinga politikarane til å gjere grep, og endringane i skulane får konsekvensar for svært mange tilsette.

Førebelse tal frå fylkeskommunen viser altså at 50 medarbeidarar ikkje kan halde fram i jobbane dei har i dag. Dette gjeld både pedagogar, men også tilsette innan til dømes reinhald, kontor, IT, kantine og elevassistentar.

Skinlo seier til NRK.no at fylkeskommunen som arbeidsgjevar vil forsøke å finne jobbar som er så relevante og nær heimstaden som mogeleg for dei som er råka.

Klarar dei ikkje det, vil dei kunne gje økonomisk støtte til pendling, leggje til rette for flytting og hjelpe å dekke vidareutdanning for dei som vil det.

– Vi har god tru på at dei klarer å omplassere dei, seier Skinlo.

Kan kome fleire ledige jobbar i åra framover

Fylkeskommunen ynskjer òg å halde på så mange tilsette som mogeleg. Høg alder på dei tilsette i fylkeskommunen gjer at det på sikt vil verte fleire ledige stillingar.

– Sjølv om vi har ein elevtalsreduksjon, har vi òg ei relativt høg alderssamansetting på dei tilsette i fylkeskommunen. Det gjer at vi kjem til å trenge kompetente medarbeidarar i framtida. Det å satse på eigne tilsette er ein viktig strategi for framtida, seier Skinlo.

Han er innforstått med at det kan bli krevjande for dei som må byte jobb. Han viser til at det vil kunne endre livssituasjonen dramatisk både for den enkelte tilsette og for arbeidsgjevaren.

Skinlo lovar at fylkeskommunen skal gå i dialog med den enkelte om individuelle løysingar.