Gassen frå brennande spesialavfall frå oljeindustrien la seg som ein tjukk eim over Gulen då to tankar eksploderte i mai.
No klagar innbyggjarane på hovudverk, sår hals og rennande auge. Sjølv om bedrifta har sagt at gassen var ufarleg, er ikkje folk i tvil om at helseplagene stammar frå eksplosjonane.
- Målingane starta for seint
Kommunelege Tommy Norman fortel til TV2 at han har registrert 50 personar med helseplager. Han vart overraska over det han fekk sjå då pasientane byrja å kome.
- Eg fekk sjokk då førstemann opna munnen. Det såg jo ikkje ut der inne, seier han til fjernsynskanalen.
Han meiner at uklare ansvarsforhold og dårleg kommunikasjon gjorde til at målingane kom i gang altfor seint etter eksplosjonane.
- Bedrifta sitt ansvar
Norman meiner Statens Forureiningstilsyn (SFT) i større grad bør vere med å kartleggje helserisikoen etter slike ulukker.
- Eg burde fått rettleiing. No er det bedrifta, altså bukken som passar havresekken.
- Eg forstår at kritikken kjem, men i utgangspunktet er dette bedrifta sitt ansvar, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT.