50 meter breitt steinras i Aurland

Ingen skal vere tekne av raset.

steinras

50 METER BREITT: Eit stort steinras har gått over turstien ved Sinjarheim i Aurlandsdalen.

Poltieit fekk melding om skredet klokka 19.56 søndag kveld. Det var ordføraren i Aurland, Noralv Distad, som varsla politiet om skredet, ifølgje politiet.

– Han skal ha vore i kontakt med to personar gjekk på turstien ved Sinjarheim i Aurlandsdalen fredag, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bengt Næss.

Det blei sendt ut luftambulanse, men dei to personane er funne i god behald.

– Vi har ingen grunn til å tru at nokon andre skal vere tekne av raset, seier Næss.

Skredet skal vere kring 50 meter breitt.