Hopp til innhold

Bokbåten får leve - administrasjonen må kutte

Finansutvalet vil halde liv i bokbåten «Epos». I staden ber dei fylkesrådmann Tore Eriksen finne fram lupe og lommelykt for å gjere naudsynte innsparingar.

Bokbåten Epos

LIV LAGA: Finansutvalet i Sogn og Fjordane vil la Epos leve og la bokbåten inn att med 600.000 kroner under dagens utvalsmøte.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vestlandet sitt flytande bibliotek har dei siste åra levd eit uvisst liv i Sogn og Fjordane.

Også i år var fjordfylket sine løyvingar føreslått kutta av fylkesadministrasjonen. Det vart i dag blankt avvist av Finansutvalet.

– Det har blitt stilt ein del spørsmålsteikn om tida har sprunge ifrå den, men evalueringa som er gjort viser at bokbåten har ein positiv funksjon og misjon i grender den oppsøkjer, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Full semje

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rapporten som vart lagt fram i oktober overtydde politikarane til å halde fram støtta. Då Finansutvalet møttest i dag, stod det om ja eller nei til 600.000 kroner til båten. Fylkesrådmannen si innstilling var nei.

No går innstillinga vidare gjennom hovudutval og fylkesutval, før fylkestinget gjer endeleg vedtak på desembermøtet.

– Det var tverrpolitisk semje om å ta båten inn att, men to ulike fraksjonar på korleis ein skulle finansiere dette, seier Kjelsnes.

Vil følgje opp

Men det stoggar ikkje der. For politikarane bestemte seg for å leggje inn ei lang rekkje fleire ting. Til dømes bestemte dei seg for å følgje opp løyvingane til knutepunktfestivalane Opera Nordfjord, Førdefestivalen og Norsk Country Treff med 900.000 kroner.

Samt 500.000 kroner til ei trainee-stilling. Dei tek også sikte på å realisere eit felles museumsmagasin i Movika og visingssenter for Gulatinget.

350.000 kroner finn dei på Fylkestuvalet sin eigen konto, medan administrasjonen også skal slankast.

– I løpet av 2014 må fylkesrådmannen sjå på innsparingstiltak i sentraladministrasjonen, seier Kjelsnes.

– Ikkje ofte

Utfordringa er innsparingar på to millionar i 2015, det doble året etter og sju millionar i 2017. Med endra oppgåver for fylkeskommunen, meiner politikarane det er fornuftig å sjå etter innsparingar i eigen administrasjon.

– No skal ein sjå etter innsparingar, og så kjem fylkesrådmannen attende til oss så vi får vurdert dette. Det treng ikkje vere noko negativt i det, men det er heller ikkje noko vi ofte raslar med, svarar Kjelsnes på spørsmål om administrasjonen ofte må gjere kutt i eigne rekkjer.