Hopp til innhold

50 år sidan julehandelforliset

10. desember tok ti damer frå Kvammen skyssbåt til Førde for å handla til jul. Heimturen vart dramatisk.

Inger Kvammen

Inger Kvammen har fått julepakkene tørre i hus i år

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

- Me sat i ro og mak og prata. Plutseleg fossa vatnet inn i båten, og då var det om og gjera å koma seg fort ut, seier Inger Kvammen (90).

- Sa ho ikkje orka meir

Ti damer - dei fleste frå Kvammen i Askvoll - hadde praia skyssbåten MB Viktor til Førde for å handla til jul. Ruteferja gjekk berre ei gong i veka, så difor leigde av og til innbyggjarane på Kvammen båt når dei skulle på handel. Denne gongen gjekk sjølve handelen bra, men på turen tilbake skjedde det katastrofale utanfor Hornnes.

Inger Kvammen

Inger Kvammen utanfor huset sitt.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

- Me traff eit isflak. Det var så dramatisk at det berre var å koma seg ut. Han som førde båten hadde blese opp nokre luftmadrasser for at me skulle sitja betre. Då vatnet fløymde inn, kasta han luftmadrassene overbord. Me var to som kunne symja, og me tok kvart vårt hjørne i fremre del av madrassen, fortel Kvammen, som hugsar det heile svært godt.

Dermed førde dei to madrassen med dei som ikkje kunne symja hengande etter mot land.

- Dama som symde ved sidan av meg sa på eit tidspunkt at ho ikkje orka meir. Då svarde eg at det er ikkje snakk om, du må greie det. Og jammen klarde ho å symja vidare.

- Kjende ikkje at eg var kald

Harald Skjærlid førde båten MB Viktor, som akkurat hadde gått ned. Han og ein av dei andre førde den andre luftmadrassen mot land med ei som ikkje kunne symja hengande etter.

- Skjærlid sa han ikkje kunne symja. Men han symde no den kvelden. Det er rart med det, for når ein skal berga livet, greier ein meir enn ein trur, seier Kvammen.

Inger Kvammen

Inger Kvammen med utsyn mot fjorden - som var lumsk for 50 år sidan.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

I tillegg til Skjærlid og damene frå Kvammen, var det med ei jente på seks år, og ei eldre dame

- Ho var 75 år frå Oslo, og skulle eigentleg skulle ta ein annan båt. Men ho vart med oss etter at me traff ho i Førde, fortel Kvammen.

Til slutt nådde alle land på Hornnes, utruleg nok.

- Det var kaldt og mørkt. Men eg kjende ikkje frosten før eg fekk av den gamle dama kleda, for ho var jo medteken. Då kjende eg at eg var kald.

- Viktigast å behalda livet

Då hadde dei forlisne vortne tekne inn i ein varm heim.

- Me fekk svært god hjelp av ei dame som budde på garden på Hornnes. Ho fann klede til oss, fortel Kvammen.

Seinare på kvelden fekk dei tak i ein ny båt, og kom seg heim att

- Båten som søkk vart heva, og me fekk tilbake alt me eigde seinare.

- Men det vart vel ingen julegåver det året, når turen enda slik?

- Jau, det var no råd å kjøpa nye gåver. Så det var no det minste. Det viktigaste var at me fekk behalda livet i ein slik dramatisk situasjon.

Trass i ei dramatisk hending, fortel Kvammen at ho ikkje har hatt noko form for traumer i etterkant

- Det einaste eg har hatt problem med sidan, er at eg må ha lugar høgt oppe når eg har reist med båt seinare. Eg kunne ikkje ha lugar langt nede i båten.