Hopp til innhold

Tok bilete av vestlandsvêr i to år

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To år med knipsing av bilete rundt om i Sogn og Fjordane resulterte i ein videosnutt med timelapsebilete frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

– Eg såg mykje fint landskap og fine plassar medan eg arbeidde som fotograf i NRK Sogn og Fjordane. Eg reiste ofte tilbake til desse plassane for å gjere opptak, fortel Førdeguten Stig Indrebø.

Han ville har laga ein video med alle regionane i fylket, så i filmen er det klypp frå både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Det heile starta hausten 2011, då gjorde han dei første opptaka. Dei avsluttande opptaka vart gjort i februar 2013.

– Det heile starta med at eg ville utforske timelapse-teknikken. Eg synest det er fasinerande å vise landskap i endring, med vêr, lys og fargar som endrar seg, fortel Indrebø.

Først gjorde han opptak av skyer i rørsle, men til etter kvart utvikla det seg til at han ville vise fram fylket sitt – og det på ein litt anna måte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stig Indrebø timelapser

BAKOM KAMERAET: Stig Indrebø ønskjer å vise fylket sitt på ein ny måte.

Foto: Privat

50 000 bilete

Det var på ettermiddagane og i helgane at fotografen tok turen tilbake til plassar han syntest var fine. Som regel brukte han to-tre timar på kvar timelapse på dagtid.

– Bileta til videoen er teke når eg har hatt tid, litt no og litt då. Eg har teke i overkant av 50 000 bilete til denne videoen. Det er ganske mykje arbeid for litt over 2 minutt med video, seier Indrebø.

– Når eg tok timelapse på dagtid tok eg gjerne eit bilete annakvart sekund, fortel Indrebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stig Indrebø tek timelapse

MAGISK: Bileta til Indrebø skal syne vêret på Vestlandet. Ikkje alt er like ruske.

Foto: Stig Indrebø

4 timar = 5 sekund

– Ein gong tok eg bilete utover Sogndalsdalen i 15 minusgrader midt på natta. Då sat eg ved sidan av kameraet i fire timar midt ute i øydemarka og høyrte på radio. Det blei om lag fem sekund av den endelege filmen, ler Indrebø.

Ein annan gong sette han opp kameraet utanfor huset sitt om natta, men då blei han så redd for at nokon skulle stele kameraet at han tok med seg ein madrass og la seg på terrassen ved sidan av kameraet.

  • SJÅ TIMELAPSEFAVORITTAR FRÅ NATUREN HER
  • LÆR DEG Å LAGE TIMEPLAPSVIDEOAR HER

Brutalt vêr

– Hovudelementet er eit brutalt vestlandsvêr. Men eg ville og ha med eit levande vesen, så då kom geitefilmane mine til nytte og. Geita er hovudpersonen som følger med på vêret og landskap, ler Indrebø.

Fotografen har allereie fått mykje respons på filmen frå Sogn og Fjordane og det raske vêrskiftet.

– Eg la den ut i går og har allereie fått god respons. Det er kjekt, for eg tore ikkje tenke på kor lang tid eg har brukt, men det var verdt det, seier han.

Musikken i videoen er det Ole Martin Volle frå Sogndal som har laga.