Hopp til innhold

4H gjev ikkje opp kampen om pengane og kontorlokala

4H har starta kampen om å få behalde sine gratis kontorplassar og statsstøtta. Saman med andre frivillige organisasjonar er påverknadskampen mot politikarane sett i verk.

Åge Avedal i 4H vil gjere det han kan for å berge 4H i framtida.

KJEMPAR: 4H vil saman med fleire andre frivillige organisasjonar kjempe for å få behalde gratis kontorlokale og pengestøtte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Vi prøvar først og fremst å påverke politikarane, både i regjering og opposisjonen, slik at dei snur. Vi kjempar saman med dei andre 14 organisasjonane, slik at kutta ikkje skal bli så store, fortel Åge Avedal.

Som leiar for 4H i Sogn og Fjordane, tok han imot regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett med uro. Der vart det nemleg føreslått å kaste organisasjonen ut av kontorlokala, som dei i dag får leige gratis hjå Fylkesmennene rundt om i landet.

I tillegg kan dei misse 400 000 kroner i støtte no. I 2016 står 6,7 millionar kroner i fare for å ryke. Totalt fryktar organisasjonen på landsbasis at kring 13 millionar kroner glepp ut av hendene deira som følgje av forslaget til statsbudsjett. No jobbar dei på spreng med å kome opp med gode alternativ.

Håpar på draghjelp frå samarbeidspartia

– Vi set vår lit til at regjeringa sine samarbeidspartnarar kan hjelpe oss. Vi ser på alternativ, dersom det blir så store kutt, så går det kraftig ut over budsjetta, seier Avedal.

På kontoret i Førde sit det i dag fire tilsette. Dei gratis kontorlokala kjem som følgje av eit 50 år langt samarbeid med landbrukskontora, som for nokre år sidan vart lagt inn under Fylkesmannsembetet. Det vil regjeringa ha slutt på, mellom anna av tryggings- og habilitetsomsyn. Dei vil at ein ryddar opp i forholda.

– Fylkesmennene er ein del av statsforvaltinga og skal vere uavhengig, og det er veldig viktig at det blir teke i vare på ein slik måte at det ikkje er mistanke om at det er innblanding eller påverknad frå andre, sa statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey til NRK tidlegare.

Hanna de Groot, som er prosjektarbeidar på 4H-kontoret i Førde, har liten sans for argumentasjonen.

Tilsette ved 4H-kontora i Førde.

KONTOR: Dei gratis kontorlokala hjå Fylkesmannen si landbruksavdeling kan ryke om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett går gjennom. Frå venstre: Hanna de Groot, Hilde Sværen, Kari Anne Årset og Åge Avedal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det betyr mykje for oss å vere i eit større miljø. Vi blir minna på kva som er poenget med jobben vår, og det løftar nivået, seier de Groot.

Håpar i det lengste på ei løysing

4H driv organisasjonsarbeid retta mot barn og ungdom, og er spesielt retta inn mot organisasjonsopplæring og aktivitetar innan mellom anna landbruk og primærnæringane.

– Samfunnet kan tape mykje på å ikkje ha 4H som organisasjon. Eg er redd det vil bli lågare aktivitet og at vi ikkje klarer å støtte opp under dei gode aktivitetane som skjer rundt om, dersom dette blir ein realitet, seier Avedal.

Han tek forslaget frå regjeringshald med største alvor, men han saumfer likevel ikkje lokalavisene på jakt etter nye kontorlokale til organisasjonen.

– Nei, vi ventar og ser først. Eg håpar i det lengste at vi kan halde fram å vere her.