Hopp til innhold

Her køyrer 4500 bilar dagleg – må vente fire år på rassikring

FLORØ/FØRDE (NRK): Pendlar Silje Sunde set seg kvar dag på den sida i bussen som er lengst unna fjellsida. Større tiltak for rassikring på RV5 kjem ikkje før i 2022.

KØYR STREKNINGA: Her kan du sjå video frå strekninga vestover på RV5 langs Førdefjorden.

Ei av dei som dagleg pendlar til Førde med buss er Silje Sunde. Ho jobbar i Sparebanken Sogn og Fjordane og set seg alltid på den sida av bussen som er lengst ifrå fjellveggen.

Silje Sunde

FRYKTAR RAS: Silje Sunde pendlar til Førde kvar dag. Nokre dagar tek ho arbeidsdagen i Florø.

Foto: Fredrik Helland

– Eg set meg på denne sida fordi eg tenker raset kjem frå andre sida. Så eg vel side heilt bevisst, seier ho.

Ho tenker dagleg på rasfaren. Nokre dagar er frykta verre enn andre og då tek ho arbeidsdagen på Florø-kontoret.

– Det er ofte eit tema blant kollegaer og andre pendlarar, seier Sunde.

Kan ikkje tenke på det

– Eg kan ikkje sei eg kjenner redsel, for då må eg berre slutte i jobben. Eg kan ikkje gå på jobb og kjenne på redsel kvar dag. Det går ikkje.

Magne Strømsøy

TILLITSVALD: Magne Strømsøy er tillitsvald for Firda Billag sine sjåførar i Florø. Han køyrer nesten dagleg strekninga Florø-Førde.

Foto: Fredrik Johan Helland

Magne Strømsøy køyrer strekninga mellom Florø og Førde jamleg som bussjåfør. Årleg køyrer han mellom 60 og 90 000 kilometer privat og i arbeid. Han er godt kjend med rasfaren som er langs strekninga på RV5, men må legge redselen frå seg.

– Vi har det vel alle i bakhovudet heile tida. Vi skal stå fram trygge ovanfor passasjerane, dei skal oppleve turen som trygg og behageleg. Då kan ikkje sjåførane vere redde, seier Strømsøy, som er tillitsvald for sjåførane til Firda Billag i Florø.

Stor trafikk

Tal frå SSB syner at det pendlar nærare 1300 personar i arbeid mellom Førde og Naustdal/Flora/Bremanger dagleg.

Vegvesenet sine målarar viser at det pr. døgn trafikkerer 4500 bilar i snitt. Dette gjer strekninga til ein av dei mest trafikkerte vegane i Sogn og Fjordane.

Ras på riksveg fem mellom Førde og Naustdal

RASUTSETT: 17.03.2016 kom steinblokka som øydela store deler av vegbana.

Foto: Alf vidar Snæland

Mindre tiltak i år

Statens vegvesen startar med tiltak på strekninga allereie i år. Det er sett av 2,6 millionar til arbeid på vegen langs Førdefjorden. Når vinteren er omme vil dei starte med å reinske, bolte og gå over skjeringane på den rasutsette strekka.

Tone Anette Espe, seksjonsleiar i vegseksjonen Fjordane, seier dei samla sett legg opp til å bruke nærare 30 millionar på RV5 Førde-Florø fram til 2023.

Skredvika, Bjørsnestunnelen og Leversundet er prioritert inn i handlingsprogrammet til Statens vegvesen. Tiltaka her blir først gjennomført i 2022 og 2023, men fordrar at politikarane følg opp med pengar over budsjetta.

– Det er statsbudsjettet som legg føringar for våre løyvingar, seier Espe.

I mellomtida ventar Sunde og pendlarane på tryggare veg til og frå jobb.

– Førde er eit kompetansesenter. Det er mange som pendlar hit dagleg, og fleire vil det bli. Skal det fortsette å vekse må det vere trygt å pendle, seier Sunde.

Rasulukka som råka New Jordal Swingers.

VERSTE ULYKKA: Den verste ulykka på strekninga skjedde då bandet New Jordal Swingers vart teken av ras på veg til konsert i 1982. To medlemmer og to teknikar i bandet døydde.

Foto: Politiet