Hopp til innhold

450 skiskyttarar på plass i Stryn

Heile Stryn står på hovudet for å ta i mot landets unge skiskyttarelite til Norgescup.

Norgescup skiskyting i Stryn

FULLT HUS: Mange unge skiskyttarar er på plass i Stryn denne helga.

Foto: Silje Guddal / NRK

Aksel Meland

LITT NERVØS: Askel Meland er ein av dei som får gå Norgescuprenn på heimebane denne helga.

Foto: Silje Guddal / NRK

450 ungdomar skal gå konkurransar i Markane denne helga. Blant dei er også lokale talent som får konkurrere mot eliten på heimebane. Aksel Meland er ein av dei. I dag har han førebudd seg til morgondagens renn. Øving på ståande skyting har stått på planen.

– Eg har hatt ei god treningsøkt no og fekk inn ein del gode seriar, men eg har litt nervar før morgondagen, seier Meland.

Lenge var dei uroa for at snømangelen skule vare, men når den først kom, kom det rikeleg.

– No er det fine løyper på Ullsheim, seier Meland. Han har drive med idretten sidan han var liten, og håpet er å kome på landslaget ein gong.

Nervar før rennet

Laurdag er det normaldistanse og på søndag ventar sprint. Med topp ti-plassering førre helg satsar Meland i alle fall på topp 15, så lenge han skyt bra.

– Eg kjenner jo litt meir på nervane no når eg er på heimebane, og det kjem mykje kjentfolk for å sjå på, seier han.

500 sveler for dagen

Når vesle Markane idrettslag skal arrangere Norgescup i skiskyting krevst det ein stor dugnadsinnsats. Med 450 utøvarar og eit par hundre støttespelarar er det stor aktivitet på skistadion på Ullsheim. Norske flagg, faklar og til og med ein lite campingplass er på plass.

(Artikkelen held fram under)

Camping Stryn Norgescup

CAMPING: Fleire bubilar er på plass ved stadion.

Foto: Silje Guddal / NRK

Monica Osvold er ein fleire hundre frivillige denne helga. Ho er ansvarleg for kioskane og sørgjer for at det er mat å få.

– I dag har det godt ein del lapskaus. Den kalde trekken gjer at det er godt å varme seg på den, seier Osvold.

I løpet av helga blir det også svele å få for dei unge skiskyttartalenta.

Norgescup i Stryn

LVI OG RØRE: 450 utøvarar skal i sving her i morgon.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg har berekna at vi skal selje om lag 500 sveler kvar dag. Dersom vi skulle gå tomt har eg avtale med ein kjøpmann i Stryn som skal hive seg i bilen med meir mjølk og diverse, fortel ho.

Osvold seier det er eit stort løft for dei å arrangere eit Norgescuprenn.

– Mange engasjerer seg og ønskjer å bidra. Så folk er veldig positive. Det blir kjem mykje besøk til Stryn denne helga, og det er jo bra for, seier ho.