Hopp til innhold

450 besøkande på kornølfestivalen i Hornindal

For første gong vart det i helga arrangert kornølfestival i Hornindal. 450 øl-entusiastar vitja festivalen i løpet av helga.

Norsk kornølfestival
Foto: Lars Marius Garshol

– Øl byrjar å verte ein populær drikk, og i motsetnad til tidlegare tider så er folk no meir interesserte i smak og kva som er i ølet, seier William Holden.

Saman med nokre andre øl-entusiastar oppretta han i fjor ei Facebook-side. Den vart raskt så populær at dei fann ut at dei måtte lage ein festival for kornølet.

– Øl-kan du lage heime på kjøkkenbenken, og det smakar nesten betre enn det du får på butikken. Vi fann ut at vi måtte lage ein festival for å ta vare på gamle tradisjonar.

Mange interesserte

I løpet av helga vart det også konkurranse i ølbrygging, der det var 15 deltakarar.

– Vi hadde deltakarar frå Grimstad, Kristiansand og heilt opp til Trondheim, sjølv om hovudtyngda kom frå Sogn og Fjordane, seier Holden.

Førsteplassen denne gongen gjekk til eit lokalbrygga øl frå Lars-tunet. Her vart blant anna sødme og god einearoma trekt fram i grunngjevinga frå juryen.

Brygging og oppskoke

For dei som ikkje er fullt så drivne i bryggekunsten var det også mogleg å få ei rask innføring.

– Vi hadde brygging på direkten, og oppskoke like etterpå. I tillegg var det fleire foredrag om ølbrygging.

Og på ein festival som dette var det også rikelege med moglegheiter for smaksprøvar.

– Mange av dei som var innom sa at dei gjerne ville kome attende neste år. For kornølfestival vert det i Hornindal også neste år, vi har berre ikkje heilt bestemt dato, seier Holden.