45 år kyrkjehistorie kan vera tapt

SOGNDAL (NRK): Nesten eit halvt hundreår med informasjon om barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder i Sogndal og Leikanger kan vera tapt etter storbrannen i desember.

Jorunn Merete Haukås-Eide

OVER 40 BØKER: 42 bøker ligg i frysaren i garasjen i Sogndalsdalen, i håp om at dei kan reddast etter vasskadane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sotete og nedfrosne ligg kyrkjebøkene i ein frysar i Sogndalsdalen og ventar på at konservatorar skal forsøka å redda så mykje som mogleg.

– Dei eldste av desse bøkene er rundt 60 år gamle. Me håpar jo i det lengste, men me veit ingenting før konservatorane har sett på det, seier Jorunn Merete Haukås-Eide, kyrkjeverje i Sogndal.

Frosne og sotete

I bøkene som stod på kyrkjekontoret i Stedjetunet i Sogndal, var alt av informasjon kyrkja har om barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder i Leikanger og Sogndal frå 1950-talet og fram til 2012.

Brann i Sogndal

TOTALSKADD: Stedjetunet husa kyrkjekontoret, ei barnehageavdeling og eit arkitektfirma.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Den 3. desember vart Stedjetunet i Sogndal totalskadd i brann. Kyrkjebøker var plassert i ein safe, og unngjekk å gå opp i flammar. Men både vatn og sot trengde inn i safen i løpet av sløkkinga. 12 dagar seinare fekk dei tilsette ved kyrkjekontoret lov av politiet å gå inn i bygningen att. Då vart safen opna og innhaldet henta ut.

– Bøkene var våte og frosne, og me såg at blekkete hadde flote litt ut i nokre av dei. Ikkje alle var like våte, så me håpar nokre av bøkene skal vera i bra stand, seier Haukås-Eide.

Mykje kan kanskje reddast

Kyrkjebok i frysar
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Haukås-Eide og dei andre på kyrkjekontoret gjorde straks det dei kunne for å redda bøkene, og sette dei til tørk. Men då dei to dagar etter kom i kontakt med Arkivverket, fekk dei beskjed om å pakka bøkene i plast og frysa dei ned att.

– Når papiret er fryst, så vil nedbrytingsprosessen på mange måtar stoppa opp. Når det skal tinast opp att, kan me putta det i ein spesiell frysetørkar som gjer at det trekk ut dei frosne krystallane frå papiret, fortel Yngve Nedrebø, fagdirektør i avdelinga for skriftforvalting i Arkivverket.

– Me hadde ei tilsvarande sak i Hardanger, og då det var tørt kunne me lesa praktisk talt alt, held Nedrebø fram.

Ingen kopiar

Regelen har vore at kyrkjebøkene skulle sendast inn til Arkivverket då det var 80 år sidan førre innføring. Fram til 1970 vart det også skrive kopiar av kyrkjebøkene, som vart kalla klokkarbøker. Klokkarbøkene skulle sendast inn med ein gong dei var utskrivne. Difor er informasjonen for Kaupanger sokn fram til 1962, Stedje sokn fram til 1968 og Norum til 1985 bevart i arkivet i Bergen. Frå 2002 skulle kyrkjebøkene også skrivast digitalt.

Men informasjon mellom klokkarbøkene si siste innføring og 2002, er avhengig av om bøkene i frysaren kan reddast. Administrativt er ikkje informasjonen i kyrkjebøkene lenger så viktig, men den historiske verdien er stor.

– Frå kyrkjebøkene i Noreg som er digitalisert, så har me 110–120 millionar nedlastingar i året. Så informasjonen er ekstremt etterspurt, seier Nedrebø.