Hopp til innhold

44-åring framleis alvorleg skadd - flytta til Haukeland universitetssjukehus

Mannen som i går sat fastklemd i ein varebil etter ei trafikkulukke på E39 mellom Vassenden og Eikås i Jølster er overført til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden hans er framleis alvorleg.

Ulukke jølster

FLYTTA TIL HAUKELAND: 44 åringen som vart alvorleg skadd i bilulukke onsdag får behandling på Haukeland universitetssjukehus. Mannen sat fastklemd etter ein kollisjon med ein semitrailer på E39 mellom Eikås og Vassenden i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I går i 14-tida kolliderte ein semitrailer og ein varebil på E39 mellom Eikås og Vassenden. Ein 44 år gamal mann vart sittande fastklemd i varebilen i 45 minutt før han vart sendt til Førde sentralsjukehus med redningshelikopter.

– Det var ei alvorleg ulukke i ein sving som er kjend for at det skjer ofte ulukker, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

Ulukka skjedde i den såkalla Skulehussvingen på Eikås, og der har det tidlegare vore fleire ulukker. Lensmann Knut Skurtveit i Jølster var sjølv på ulukkesstaden onsdag for å dirigere trafikken forbi ulukkesstaden.

Beslaglagt førarkort

Føraren av semi-traileren har rutinemessig fått førarkortet beslaglagt.

– Dette er noko som alltid blir gjort ved slike ulukker. Det er også rutinemessig tatt blodprøve av begge sjåførane. Men det er ingenting som indikerer promille, seier Skurtveit.

(Saka held fram under biletet)

Ulukke Jølster

STØYPEKANTEN FLYTTA SEG: Kollisjonenen mellom varebilen og semitraileren var så kraftig at støypekanten gav etter med 10 - 20 cm.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet i Jølster skal etterforske og finne årsaka til den voldsomme kollisjonen i går på E39.

Ulukkeskommisjonen skal undersøke blant anna friksjonen i vegdekket, tilstanden til dei involverte køyretøya, dei ser på køyre og kviletid. Køyretøya som var involverte i ulukka er også til undersøkingar hos Statens vegvesen. Politiet er i ferd med å avhøyre vitner til ulukka.

– Men førebels har vi ikkje noko forklaring på korleis ulukka skjedde.

Politiet opplyser at varebilen var nyregistrert i september, og skal ha hatt nye dekk.

Pressa ut støypekant

Eit par hundre meter på begge sider av ulukkesstaden vart det måndag sett opp omlag ein meter høge støypekantar som erstatta autovern. Dette har såvidt berga varebilen frå å hamne i elva Jølstra.

– Men støypekanten har gitt etter med ein 10 - 20 centimeter så det er sterke krefter som har vore i sving.

Etter fleire ulukker på staden tidlegare er farten gjennom den ulukkesråka svingen tilrådd til 50 km/t men den ordinære fartsgrensa er 70 km/t.