Veterancupturneringa i Årdal er inndelt i klassane old boys, old girls og veteran. Veteranspelarane er + 40 år, medan old boys og old girls må fylle 34 år i løpet av 2006. At det er den yngste herreklassen det er minst oppslutnad om, har si forklaring, meiner Flosand.
- Toppspelarar i dag gir seg ikkje i dag når dei passerar 30 år, og dermed vert det nesten ingen i old boys-klassen, men dei går rett til veteran, seier han.
Ingen plakatheltar
Mange av laga er årvisse gjestar under turneringa i Årdal. Nye av året er veteranar frå Møre og Trondheim. Eldsjelene frå Kaupanger, Årdalstangen, Jotun og Lærdal som står bak veterancupen har tidlegare prøvd å hente inn kjente fotballnamn frå Europa til turneringa. I år er det ingen slike plakatheltar, men det blir jobba med å utvide turneringa, seier Flodsand