Hopp til innhold

411 dagar gjekk før staten tok ansvar – kan ha gjort folk sjukare

SLØVÅG (NRK): Fersk doktorgrad kastar nytt lys over helseplagene etter den dramatiske Vest Tank-eksplosjonen – ti år etter.

Eksplosjon i Sløvåg

TI ÅR SIDAN I DAG: 24. mai 2007 eksploderte tankar med giftig avfall på dåverande Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Ein tjukk, svart røyk bles innover eit område med cirka 1000 innbyggarar. Forureininga gav helseplager i mange år etter.

Foto: Svein Arild Vatsø

– I starten opplevde innbyggjarane akutte helseplager, som hoste, hovudverk, søvnvanskar, sår hals, augeplager og kvalme. Og folk blei bekymra, men likevel tok det tid før dei nasjonale helsestyresmaktene kom på bana, seier Gro Tjalvin, overlege ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen.

Gro Tjalvin, overlege og forskar

NY DOKTORGRAD: Overlege og stipendiat Gro Tjalvin har forska på helseplagene etter Vest Tank-ulukka.

Foto: Privat

24. mai 2007 gjekk tre tankar i lufta ved dåverande Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen kommune. Mange i nærområdet fekk langvarige helseplager av ureininga.

Men det gjekk 411 dagar før Regjeringa tok ansvar, då dåverande miljøvernminister Erik Solheim og helsedirektør Bjørn Inge Larsen vitja Gulen 9. juli 2008.

Bekymring

At staten kom seint på bana, kan ha gjort folk sjukare:

– Den stadige bekymringa kan ha gitt auka helseplager, for det er ikkje alltid eksponeringa i seg sjølv, men korleis den blir tolka – bevisst og ubevisst – som kan ha betydning for helseplager, seier Tjalvin.

Erik Solheim

KOM OVER EITT ÅR ETTER: Dåverande miljøvernminister Erik Solheim kom til Sløvåg 9. juli 2008 med beskjed om at naboane til tankanlegget skulle få sjekka helsa skikkeleg. Besøket skjedde vel to veker etter NRK Brennpunkt sine avsløringar.

Foto: MMS-foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Overlegen har skrive ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen om helseplagene etter Vest Tank-ulukka:

Tankane i Vest Tank-eksplosjonen var fylte med giftige restar etter ulovleg reinsing av dårleg bensin – såkalla koksbensin – som skulle seljast til land i Afrika.

Gjermund Halsvik

ENDÅ ENGSTELEGARE: – Me hadde sterke indikasjonar på at det var same type båttrafikk og same type varer som var tekne i land i Sløvåg, som hadde skapt katastrofen i Elfenbeinskysten. Så dette var som bensin på bålet, seier Gjermund Halsvik, nabo tankanlegget i Sløvåg.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Avfallet som eksploderte, var det same som tidlegare hadde teke livet kring 15 menneske og gjort nesten 100000 menneske sjuke i Elfenbeinskysten, dokumenterte NRK Brennpunkt i 2008.

Endra regelverk

Folk i Gulen og Masfjorden hadde helseplager og var redde, men lenge ingenting blei gjort. Og fyrst halvtanna år etter ulukka fekk alle innbyggjarane ei systematisk helseundersøking på staten si rekning.

Etter tre helsegranskingar – i 2008, 2010 og 2012 – var konklusjonen at folk fem og eit halvt år etter ulukka framleis hadde helseplager, men ingen var blitt alvorleg sjuke. Etter det vidareførte ikkje Helsedirektoratet undersøkingane.

– Eitt år er altfor lenge, seier Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Avdeling for miljø og helse i Helsedirektoratet, om staten si responstid:

– Det positive etter Gulen-ulukka er at regelverket er endra. Me må kunne støtta kommunar som har eit akutt behov. Difor har Folkehelseinstituttet ein akuttberedskap for kjemikaliehendingar – og skal kunne rykkja ut og hjelpa kommunen med informasjon og anna ekspertkompetanse.

Tommy Norman, kommunelege i Gulen

STØTTAR DOKTORGRADEN: – Viss du ser at naboane og naboungane blir sjukare og sjukare, men alle seier at det ikkje er noko. Kven skal du tru på – dei som seier at det ikkje er noko, eller naboane som har plager, spør kommunelege Tommy Norman i Gulen retorisk.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Blei ikkje tekne på alvor

I tidlegare studiar har forskarane sett at nettopp redsla for at noko kan vera farleg, ofte kan gi helseplager. Det er difor viktig at innbyggjarane blir tekne på alvor når dei er bekymra, seier Tjalvin i doktorgraden sin.

– Den konklusjonen er lik slik me opplevde det, seier Halsvik, naboen til tankanlegget i Sløvåg.

– Me blei ikkje tekne på alvor og måtte stå veldig på for å få gehør for noko ikkje var som det skulle.

Sløvåg-ulukka

EKSPLOSJONSTOMTA: På tankanlegget i Sløvåg langtidslagrar den nye eigaren Alexela Sløvåg oljeprodukt frå Nordsjøen, ifølgje selskapet sjølv.

Foto: Noralv Pedersen / NRK