Pengane i transportplanen er delte opp i to "sekkar" - stamvegar og andre riksvegar. På stamvegløyvingane er overraskinga dei 150 millionane til vegen mellom Borgund og Steinklepp i Lærdalen. På posten for "andre riksvegar" er løyvingane auka med 250 millionar til 1230 millionar kroner. Av det skal 440 millionar nyttast i første fire-årsperiode. Det er ein auke på rundt 25 prosent samanlikna med planleggingsråma frå 1999.
Jan Tore Odd
-Dette er sjølvsagt gledeleg. Det betyr mellom anna at vi ikkje vil ha vanskar med å fullføre dei prosjekta som er i gong. At investeringsråma er auka inneber at det også er sjansar for å få på plass mindre tiltak som gang- og sykkelvegar, miljø- og trafikktryggingstiltak og ikkje minst, viktige rassikringstiltak i fylket, seier fungerande vegsjef Jan Tore Odd.
Han understrekar likevel at auken i investeringsråmene ikkje er stor nok til å gje rom for nye store byggeprosjekt dei første fire åra.
Vegkontoret reknar med at rundt 730 av dei 1230 millionane, som er lagde inn i planperioden, vil gå til prosjekt som anten er i gang eller sterkt prioriterte av politikarane. Det vil seie at det står att 500 millionar kroner som politikarane no kan fordele til andre prosjekt. Eksempel på slike prosjekt er vegen vegen mellom Olden og Innvik, strekninga Måløy-Raudeberg og rassikring av Sogndal-Leikanger. Eit anna er det omdiskuterte Dalsfjordsambandet som førebels er utanfor alle planar.
I framlegget til Nasjonal transportplan blir det peika på at det blir arbeidd med planar for bompengefinansiering av delstrekningar på riksveg 13 over Vikafjellet. Førebels er det ikkje lagt opp til slik delfinansiering. Prosjektet er no til handsaming i Vegdirektoratet.