Hopp til innhold

40 sjåførar permitterte

Store mengder gods står fast på terminalane. Sjåførane i fylket står dermed utan arbeid, og vert permitterte.

Magne Ahlin

Magne Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport i Sogn.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Me har så mykje bilar ståande på tunet at me veit ikkje kvar me skal gjera av dei. Me har måtte permittera nesten alle sjåførane våre, seier dagleg leiar Magne Ahlin i Slinde Transport i Sogn.

Får ikkje henta varene grunna streiken

Slinde har måtte permittere 18 tilsette. Ulike transportslskap har sett seg nøydde til å permittera til saman 40 sjåførar i fylket.

Årsaka er at vel 1700 terminalarbeidarar er tatt ut i streik i dei store byane. Dermed står gods fast på terminalane, og transportselskapa har ikkje noko å sysselsetta sjåførane sine med.

Les også: Transportstreiken: Partene står lengre fra hverandre

Les også: Streik kan føre til permitteringer

Les også: 45.000 ut i streik i dag

- Deprimerande

I Stryn har Otto Raudi i Fjord 1 Transport måtte permittere 15.

- Veldig mykje av det me køyrer frå byane er stykkgods som går via terminal, og det er jo der konflikta ligg. Dermed får ikkje me henta varene.

I tillegg er også 8 personar permitterte i Firda Billag, medan Leif Sygna i Sygna Transport på Sande har permittert to.

- Det er deprimerande, for det vert jo ikkje noko inntekt når alt står i ro.

Les også: Trappar opp streiken

Les også: Slik råkar streiken deg

Les også: - Streik er ei plage for uskuldige

- Håpar inderleg det vert løysing

Transportleiarana i fylket har respekt for streiken, men håpar den snart tar slutt, det seier Magne Ahlin i Slinde Transport.

- Dette er ein kostbar sak for oss som underleverandør. Så eg håpar inderleg dei kjem fram til ei løysing i morgon, slik dei har snakka om dei skal prøva å få til.