Hopp til innhold

Har teke 40 prosent fleire for høg fart til no i år

I første halvår har Utrykningspolitiet i Nordfjord stoppa nær 40 prosent fleire for høg fart, enn i tilsvarande periode i fjor.

UP-patrulje - Elling Krogen

SUSAR FORBI: Elling Krogen, som er politioverbetjent i Utrykningspolitiet i Nordfjord, registrerer mykje høg fart på vegane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Samanliknar vi tala frå tilsvarande periode i fjor, vil eg tru det er ein auke når det gjeld fart på mellom 30 og 40 prosent, seier politioverbetjent i Utrykningspolitiet i Nordfjord, Elling Krogen.

Han understrekar at tala er samanliknbare, og at det ikkje halde meir kontrollar i år enn i fjor. Også dersom ein ser berre på sommaren, så er tala om lag dei same.

– Prosentdelen med bilistar som vert tekne for høg fart er representativ også der, seier Krogen.

Fart er største utfordringa

Utrykningspolitiet er på vegen kvar einaste dag, og har som si einaste oppgåve å følgje med på kva som skjer i trafikken og trafikkåtferd.

Og Krogen er klar på at det er fart som er den aller største utfordringa i trafikken.

I fjor var det veldig mykje turistar og utlendingar som vart tekne i fartskontrollar, men den trenden er snudd, og delen turistar som no vert tekne er svært redusert.

Elling Krogen, UP

– Det vi ser ut av satsingane våre mot rus, fart, verneutstyr og handhalden mobiltelefon, så er det klart fart som utmerkjer seg, seier Krogen.

Første halvår i fjor såg UP svært mange fartsoverskridingar, men dessverre ser dei ein betydeleg auke i same periode i år, noko som uroar Krogen.

– Vi ser ein del grove fartsoverskridingar, seier Krogen.

I fjor var det turistane, no er det dei norske

Når det gjeld kven som er dei største fartssyndarane, så har trenden fullstendig snudd frå i fjor.

– I fjor var det veldig mykje turistar og utlendingar som vart tekne i fartskontrollar, men den trenden er snudd, og delen turistar som no vert tekne er svært redusert, seier Krogen.

Han har diskutert med kollegaen sin om dette skuldast færre turistar, men har ikkje komme fram til eit eintydig svar.

Det som derimot er sikkert, er at Ola Nordmann, spesielt han av den lokale typen, køyrer hardt, og gjerne ein del over fartsgrensa.

– Nordmenn, veldig mange lokalt tilknytte, køyrer hardt. Men generelt vert det køyrt hardt rundt omkring, seier Krogen.

Ber folk roe seg

Og det er ikkje berre ungdommar eller overivrige familiefedrar i 40-åra som vert stogga.

– Ungdom har på mange måtar fått på seg at dei står bak mange fartsoverskridingar. Men i volum er ikkje dei noko verre enn dei i 40-60-åra. Men dei står nok for fleire av dei grove fartsoverskridingane, og er dermed meir utsette for ulykker enn eldre bilførarar, seier Krogen.

Også ved Sogn og Fjordane politidistrikt har dei registrert at mange fullstendig gløymer både takt og tone, og trafikktryggleik på vegen i sommarmånadene.
Difor oppmodar dei no om at folk skjerpar seg.

Nordmenn, veldig mange lokalt tilknytte, køyrer hardt. Men generelt vert det køyrt hardt rundt omkring.

Elling Krogen, UP

– Vi registrerer at vi får ein del telefonar frå fortvilte trafikantar fordi det er stygg køyring og høg hastigheit, samt at folk tek lite omsyn, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Avsnes.

Sommartid er det mange på vegane i Sogn og Fjordane som korkje kjenner vegane her spesielt godt, eller har vore her før. Mange av dei har fått eit skremmande møte med trafikk-kulturen einskilde stadar.

Dei lokale er utolmodige

– Det er ein del trafikantar som nyttar sommartida til å gjere seg betre kjend i fylket, og vegstrekningane våre er ikkje alltid av beste sort, slik at ein kanskje må vente litt både her og der. Nokon blir kanskje ekstra utolmodige, og det er i slike tilfelle at det ofte skjer stygge forbikøyringar, og det er det vi får melding om, seier Avsnes.

Og også dei får flest meldingar på at det er «lokale heltar» som er i sving.

– Turistane ferdast, slik vi kjenner til det, med fine hastigheiter. Det er helst dei som er frå eige fylke og som er godt kjende, som kan bli litt utolmodige. Det er stort sett norskregistrerte køyretøy vi får tilbakemeldingar om, seier Avsnes.

Vi registrerer at vi får ein del telefonar frå fortvilte trafikantar fordi det er stygg køyring og høg hastigheit, samt at folk tek lite omsyn.

Kjetil Avsnes, Sogn og Fjordane politidistrikt

Han ønskjer ikkje å kommentere konkrete hendingar, men peikar på at operasjonssentralen har teke imot meldingar frå mange stadar i fylket når det gjeld trafikkforhold.

– Det er ofte nært knytt opp til at egstandarden ikkje er av beste sort, slik at trafikken ofte må stoppe opp. Det er mykje campingvogner, campingbilar og tungtransport på vegen, og dei tek meir plass, dermed går trafikken seinare, seier Avsnes.

Han har ei klar oppfordring til bilistane i Sogn og Fjordane.

– Legg inn ein litt større tidsmargin og ta det med ro og syn smidigheit i trafikken. Syn litt meir tolmod. Samtidig må dei som ikkje held farten, også vere flinke å følgje med, slik at dei kan leggje seg ut og sleppe forbi, dersom dei skapar kø, seier Avsnes.

Fleire ulykker skuldast fart

Dei siste vekene har det vore mange trafikkulykker i fylket, og utan at Avsnes kan kommentere einskildulykker, legg han ikkje skjul på at fart ofte har noko å seie når det først smell.

– Trafikkulykker generelt har nær relasjon til at ein køyrer for fort i forhold til veg- og køyreforhold. Ein skal ha kontroll på køyretøyet og kunne stoppe, og det er viktig å tenkje på, seier Avsnes.

Krogen i UP peikar på at det viktigaste når ein stoppar fartssyndarar, slett ikkje er å gi dei eit gebyr, men å få dei til å forstå kva farar dei faktisk utset seg sjølve og andre for.

– Vi brukar mykje tid på å forklare til dømes korleis bremselengda aukar dersom du aukar farten med ti kilometer i timen. Vi prøver å oppmode bilistane, gjennom dialog, til å roe seg ned, seier Krogen.

Han har ei klar oppmoding.

– Eg oppmodar folk om å ta seg ferie, nyt finveret og naturen, ro dykk ned. Så kan de alltids stoppe å slå av ei hyggjeleg prat med UP, men det kan vere frivillig, utan av vi treng å stoppe dei, seier Krogen med eit smil.