Hopp til innhold

Manglar fisk - 40 er permitterte ved slakteri

Alle dei 40 tilsette ved Firda Seafood sitt slakteriet på Byrknesøy i Gulen er permitterte.

Firda Seafood på Byrknesøy

PERMITTERTE: Mangel på fisk gjer til at 40 tilsette er permitterte ved slakteriet på Byrknesøy i Gulen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Årsaka er at dei ikkje har tilgang på nok laks og aure til slakteriet, skriv nettstaden ilaks.no. Dei tilsette har vore utan jobb sidan før jul.

Stor etterspurnad med høge prisar på fisken i tillegg til stram regulering på fisket, gjer at det ikkje er nok å gjere på slakteriet, seier eigar Ola Braanaas til NRK.no.

– Vi har permittert folk fordi vi ikkje har råstoff å pakke. Vi har ikkje fisk å selje ut i marknaden fordi vi er så stramt regulert og vi har ikkje moglegheit til å utvide drifta vår.

Braanaas seier det er beklageleg, men at dei ikkje har noko anna val enn å permittere.

– Dei gjekk ut i permisjon før jul og no er det om lag 40 tilsette som er permitterte. Vi håper råstoffsituasjonen skal betre seg slik at vi kan komme i gang igjen første eller andre veka i februar, seier han.

Selskapet har til saman 130 tilsette i Sogn og Fjordane og Hordaland.