Hopp til innhold

40 millionar til oljevern

Ein spesialstyrke på 50 mann, nye fartøy og fleire lenser skal gjere det lettare å reinse oljesøl langs kysten.

Steinar Solvang under oljevernøvelsen 2008
Foto: Eva Sleire / NRK

Det lovar operasjondirektør Steinar Solvang i Norsk oljevernforening for operatørselskap (biletet) .

Magne Igland i Sogn og Sunnfjord interkommunale utvalg mot akutt forureining er godt fornøgd med den nye avtalen på 40 millionar kroner i året.

- Vi får meir opplæring av personell og etablerer ein del tilgjengeleg utstyr ved behov.

Klar til å rykke ut

Solvang seier ein spesialstyrke på 50 mann skal vere klar til å rykke ut kva tid som helst. Tre landgangfartøy skal gjere det lettare å få folk i land der det er dårlege hamner. Dessutan skal det bli kjøpt inn anna utstyr, blant anna fleire lenser.

- Vi lovar at auka oljevernberedskap skal kome heile kysten til gode, også når båtar går på grunn og lek olje.

- For tilfeldig i dag

Igland meiner det er på tide at forholda vert betra. Dagens ordning er for tilfeldig, meiner han.

- Dei nye tiltaka og krava til opplæring vil kome alle til gode.