Hopp til innhold

40 leseplassar til 2000 studentar

2000 studentar i Sogndal må dele på 40 leseplassar. - Det er altfor dårleg, meiner leiar i Studentparlamentet, Maren Aase Folgerø.

Tidlegare brukte Høgskulen i Sogn og Fjordane Flåtengården i Sogndal som lesesal. Men då Fosshaugane Campus var ferdig vart studentene viste til grupperom.

Høgskulen sa opp leigeavtalen med Flåtengården då dei nye lokala på Fosshaugane var klare, utan å erstatte lesesalplassane. No er det altså 50 studentar for kvar lesesalplass.

Rektor Johs. Thaule skal sjå om det er mogeleg å skaffe lesesal-plassar i sentrum.

- Eg kan love at vi tek det problemet som Studentparlamentet har teke opp på alvor.