Hopp til innhold

40 grader forskjell mellom Austlandet og Vestlandet i dag

Fønvind har ført til kraftig temperaturstigningen fleire stader på Vestlandet. Enkelte stader har temperaturen stige med 20 grader det siste døgeret.

Kulda lager kunst

KALDT: Tysdag var det kaldt i heile landet, og medan Austlandet framleis er kaldt har varm vind gjort at temperaturen har gått opp med 20 grader fleire stadar på Vestlandet.

Foto: Monika Wikan Faaness

– I dag er det nok mange som har tatt på seg meir klede enn det ein treng, seier meteorolog Martin Granerød.

Den største forskjellen i temperatur i Sogn og Fjordane finn ein i Fjærland der det i går var 12 minus – i dag er åtte plussgrader. På Voss i Hordaland opplever dei mykje det same. Der har dei gått frå -14,7 tysdag til seks plussgrader i dag. I Sauda i Rogaland har dei gått frå -7,3 grader til åtte plussgrader det siste døgeret. Vi snakkar med andre ord om temperaturforskjellar på 15–20 grader på det meste.

– Det skuldast at vi har fått ein fønvindeffekt på grunn av sterk vind i fjellet. Då blir vinden oppvarma på veg ned av fjellet, noko som gjer at vi får dei høge temperaturane som vi har i dag, seier Granerød.

Laster Twitter-innhold

Store forskjellar

Dei aller største forskjellane i temperatur kan ein i dag sjå mellom Austlandet og Vestlandet. I dei kaldaste områda; Røros og Tynset er temperaturane nede på 28, 8 på minussida, medan ein på Vestlandet måler 10–11 plussgrader.

– Vi snakkar her om temperaturforskjellar på kring 40 grader mellom aust og vest i dag, seier Granerød.

– Kor lenge kjem dette til å vare?

– Det ligg eit høgtrykk over austlandsområdet samstundes som det ligg eit lågtrykksområdet godt ute i Atlanterhavet, seier Granerød.

Mellom desse to systema er det mykje luft som skal transporterast frå sørlegare breiddegrader og nordover.

Vind i vente

– Det sørger for at vi får ein del vind i løpet av dagen i dag. Det blir aust og søraust sterk kuling utsette stadar. På kysten kjem det etter kvart til å minke til frisk bris. Også i fjellet og i utsette fjordstrok blir det svakare vind ut over dagen, seier Granerød.

Elles er det opphaldsvêr. Seint onsdag kveld er det utrygt for litt regn og nedbør som snø i fjellet.

13 grader - Måløy

VARMT: Dette bildet er sendt inn frå Måløy, der det var uvanleg varmt i dag tidleg

Foto: nrk.no-tipsar