Hopp til innhold

40 dagar i fengsel for dyretragedie

Bonden i Skjolden som let 150 sauer døy er dømd til 40 dagar i fengsel. I tillegg er han frådømd retten til i åhalde dyr dei neste fem åra.

Norges lover
Foto: Scanpix

Sogn Tingrett tillet at den 25 år gamle mannen får halde ein hest og ein hund.

Den store dyretragedien vart oppdaga 24. mars i fjor. Då hadde det gått over to månader sidan sauene sist hadde fått mat.

Bonden har vedgått dei faktiske forholda, men han nekta straffskuld då saka var oppe for Sogn Tingrett sist veke. Grunngjevinga til forsvararen var at mannen ikkje var strafferettsleg tilrekneleg på grunn av den mentale helsetilstanden.

- Godtek ikkje forklaringa

Men retten godtek ikkje denne forklaringa.

- Retten konkluderer med at dei psykiske problema tiltalte hadde i det aktuelle tidsrommet ikkje var av slik karakter at det kan føre til straffefritak, og dei er heller ikkje av ein slik karakter eller styrke at det kan føre til straffenedsetjing. Tiltalte var klar over at han ikkje oppfylte ansvaret sitt som husdyrhaldar, og han har såleis handla med vilje, heiter det i dommen.

- Særs grovt tilfelle

Den unge bonden som hadde kjøpt garden eitt år tidlegare, forklarte i retten at pengeproblem og stort arbeidspress gjorde han handlingslamma. Då han oppdaga at sauene byrja å døy, skubba han frå seg problema ved å late vere å gå i fjøsen dei neste to månadene. Mannen vurderte også å ta sitt eige liv, før dyretragedien og dei 150 daude sauene vart oppdaga av folk utanfrå.

Tingretten karakteriserer saka som eit særs grovt tilfelle av vanstell av husdyr.

- Saka er både tragisk og uforståeleg. Sekretæren i dyrenvernnemnda, veterinær Olav Hermansen,  forklarar at tiltalte vart sett på som ein mønsterbonde. Det er vidare på det reine at tiltalte framleis har god kontakt med og tillit blant sambygdingane. Kanskje var tiltalte for ung og umogen til å bere ansvaret med eit så stort husdyrhald. I alle høve meistra han ikkje motgangen då den kom med full tyngde, meiner tingretten.

Etter lyser betre tilsynsordning

Aktor ville ha 25-åringen fengsla i 45 dagar. Men tingretten meiner 40 dagar er meir passe. Tingretten meiner det er viktig å reagere strengt av allmennpreventive omsyn.

I dommen tek retten også opp tilsynsordninga i landbruket.

- Retten vil elles stille spørsmålet om samfunnet gjer nok for å førebyggje slike dyretragediar. Ofte oppstår slike saker der ein person er åleine om dyrehaldet. Det bør vere mogeleg å organisere eit meir effektivt tilsynsopplegg, gjerne i samarbeid mellom dyrevernet og organisasjonane i landbruket, som kan fange opp problem i tida og såleis verke førebyggjande, skriv dommar Steinar Velle i dommen som er samrøystes.

Bonden tek no jordbruksutdanning. Han steller garden og sel foret som han dyrkar. Under rettssaka sa mannen at han ikkje vil ta oppatt husdyrhaldet så lenge han er einsleg.