I dag er det 40 år sidan Kong Olav opna brua

11. juni for 40 år sidan var sjølvaste Kong Olav klar med kniven og stod for den høgtidlege opninga av Måløybrua. Brua har vore enormt viktig, meiner ingeniøren som leiar arbeidet med brua.

Kong Olav opnar Måløybrua

SKAR SNORA: 11. juni i 1974 var Kong Olav i Måløy og sørga for den offisielle opninga av Måløybrua.

Foto: Fjordenes Tidende

Ragnar Hagen kom frå Austlandet til Måløy for å byggje bru, og blei verande. No er bruingeniøren pensjonist - og i dag kunne han feire at det er 40 år sidan den gong landets lengste bru vart opna av Kong Olav.

– Det var ei ganske spennande oppgåve som ung bruingeniør å få vere med å prosjektere brua eit par år, og så bli med på bygginga og leie den. Eg var 28 år då eg byrja med prosjektet, fortel Hagen.

Måløybrua

VAR LENGST: Måløybrua var landets lengste då den vart opna i 1974.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Ferja var ein hemsko

Brua kopla saman Måløy med resten av Vågsøy, og Hagen fortel at det var ei svært utfordrande oppgåve han var med på den gongen på 70-talet.

– Det var Norges største bru og hadde spesielle utfordringar. Den skulle gå i kurve og det var ei oppgåve ingen hadde løyst tidlegare. Det gjekk heldigvis bra.
Det var ein spennande dag, og vi var stolte alle som hadde vore med å jobbe fram denne brua, seier Hagen og mimrar 40 år tilbake i tid.

Alt som kunne krype og gå av politikarar og tenestemenn var der då kongen skar snora, og på den måte skreiv samferdslehistorie.

– Eg var ikkje i Måløy før vi bygde brua, men ferja var jo ein alvorleg hemsko. Brua opna mot fastlandet og sjølvsagt andre vegen. Næringslivet i Vågsøy har blitt eitt næringsliv, og tidlegare var nok Måløy meir avhengig av havet. No er dei nok meir avhengig av transport via veg. Uten brua ville ikkje dette fungert, seier Hagen.

Ragnar Hagen

BRUSJEFEN: Ragnar Hagen er stolt over at han fekk vere med på å realisere Måløybrua for 40 år sidan.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Heller Måløy enn Oslo

Etter at brua var ferdigbygd, så valde Ragnar Hagen å slå seg ned i Måløy med familien. Der har han mellom anna markert seg som lokalpolitikar. I dag har sonen Morten teke opp den politiske arven og er ordførar i Vågsøy. Statens vegvesen var Ragnar sin arbeidsplass også etter Måløybrua.

– Eg fekk etterkvart mange andre interessante oppgåver med Statens vegvesen. Eg var jo då tilsett der og jobba med fleire andre bruprosjekt, rasoverbygg og til dømes tunnelportalar på Strynefjellet. Det var interessante ingeniøroppgåver, frå å dukke i havet til å rekne på rasoverbygg.

– Det var meir interessant å halde på med desse prosjekta, enn å vere i eit stort miljø i Oslo?

– Ja, om ein evner å ta ansvar og jobbe i mindre miljø, så er oppgåvene i Sogn og Fjordane veldig spennande, meiner den pensjonerte bruingeniøren.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.