4 av 10 veljarar «veit ikkje»

Nær halvparten av veljarane i Sogn og Fjordane veit ikkje kva dei parti dei vil stemme på til valet til hausten.

Stemmeurne

MANGE VEIT IKKJE: Heile 40 prosent av veljarane i Sogn og Fjordane har ikkje bestemt seg for kva parti dei skal stemme på.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Dette kjem fram av ei meiningsmåling utført av Sentio for Firda, Firdaposten og Sogn Avis.

40 prosent «veit ikkje»

Meiningsmålinga viser at heile 40 prosent av dei spurde ikkje har bestemt seg, og det berre eit halvt år før kommune og fylkestingsvalet.

Striden rundt framtida til sjukehusa i Sogn og Fjordane kan vere ei av årsakene.

- Store veljargrupper er usikre. Når ei sak er med og forsterkar uvissa, blir uvanleg mange avventande, seier valekspert Knut Henning Grepstad til avisa Firda.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Høgre går mest fram

Partibarometeret syner at Arbeidarpartiet og Senterpartiet går klart tilbake i høve valet i 2007.

Samstundes går Høgre fram med heile 10,4 prosentpoeng. Med det er dei det nest største partiet i fylket.