Hopp til innhold

Sjekk den sildesalaten! 3,5 tonn sild rasa ut i vegen

Mannskap jobbar i kveld på spreng for å fjerne kring 3500 kilo sild som rasa ut frå ein semitrailer på Nygård i Vågsøy.

Sild på rv 15

UØNSKA GJESTER: Enorme mengder sild vart liggande i vegbana på riksveg 15 i Vågsøy seint måndag kveld.

Foto: Svanhild Breidalen / Fjordenes Tidende

Havets sølv til besvær! Føraren av semitraileren ana fred og ingen fare då han køyrde langs riksveg 15 i Nordfjord måndag kveld.

Men der tok han grundig feil. Eine døra på semitraileren hadde opna seg, og ut i vegbana forsvann enorme menger sild.

I følgje Fjordenes Tidende datt i alt 10 kar med sild ut av bilen og laga tidenes sildesalat i Vågsøy.

Mannskap er kalla ut i kveld for å få fjerna fisken - noko som nok kan vere ein fordel med tanke på den lukta som kan komme...