Hopp til innhold

3–1 til Aalesund etter fullstendig Sogndal-kollaps

Det gjekk mot ein sterk bortesiger for Eirik Bakke og Sogndal. Så kom dei siste fem minutta, og alt rakna.

Eirik Bakke (t.h.) og Rune Bolseth
Foto: Sondre Dalaker / NRK

88 minutt var spelte og Sogndal leia 1–0. Dei hadde stått imot eit massivt Aalesund-press gjennom heile omgangen, men verka å finne ein slags kontroll.

Så kom hovudet til Aron Elis Thrandarson med i kampen.

Frå kanten av 16-meteren kunne han umogleg ha kontroll på headinga etter det knallharde innlegget. Men ballen seglar likevel i ein nydeleg boge over keeper Mathias Dyngeland. Dermed stod det 1–1.

Og verre skulle det bli. To minutt seinare får Niklas Castro ballen servert frå ein Sogndal-forsvarar. Heilt åleine med keeper, to meter frå mål, kan han trygt setje inn 2–1-scoringa.

Eirik Bakke prøvde desperat å løyse ei nær umogleg oppgåve. Både Joachim Soltvedt og Sigurd Haugen blei kasta innpå.

Men i staden blei det endå ei Aalesund-scoring. Per-Magnus Steiring blir lurt i duell med Holmbert Fridjonsson. Innanfor 16-meteren klarer ikkje Steiring å rette opp i feilen utan å lage straffe. Han protesterer, men dommaren er klar. Fridjonsson tek straffa sjølv, og det står 3–1.

Like etter blæs dommaren av kampen.

Straffebom og mål etter tabbe

Sogndal sitt mål kom etter 52 minutt. To spissar jaga ein ball som Aalesund burde ha kontroll på. Forsvarar Jonas Grønner prøver å heade tilbake til keeper, men klarer det ikkje. Martin Ramsland stel ballen og får flikka han vidare til Eirik Schulze. Keeper er allereie sett ut av spel, og det blir ein enkel jobb å setje ballen i mål frå spiss vinkel.

Det kunne ha sett endå betre ut for Sogndal. Men Ole Amund Sveen bomma på straffesparket etter om lag eit kvarter.

– Det er ikkje ein god straffe om han ikkje går i mål, sa Sveen sjølv til Eurosport i pausen.

Dermed står Sogndal med fire poeng etter fem spelte kampar. Aalesund ligg åleine og suverent på toppen av tabellen. 16 poeng har dei etter dei etter seks spelte kampar. Sju poeng ned til laget på andreplass.