NRK Meny
Normal

37-åring omkom søndag: Åtvarar om betydeleg skredfare i fjellet

Fagfolk åtvarar no på det sterkaste om ustabile snølag, som igjen har ført til stor snøskredfare mange stader i landet. Søndag omkom ein 37-åring i eit snøskred i Sogn.

Tatt av skred i Aurland

MISTA LIVET: Ein 38 år gamal mann døydde av skadane han fekk i eit snøskred i Aurland søndag.

Foto: Arne Veum

Det var den kjende natur- og idrettsfotografen Benjamin Hjort, busett på Voss, som omkom i skredulukka søndag. Han var fødd og oppvaksen i Trondheim.

Medlem i Jostedalen alpine redningsgruppe og rådgjevar for varsom.no, Jostein Aasen, ber no skiløparar om å lytte nøye til dei råda fagfolka no gjev.

– Det har vore masse teikn på at det er og har vore snøskredfare. Skiløparar har fjernutløyst skred fleire gonger, og det har vore mange drønn i snølaget. Over heile området er det eit svakt og veldig aktivt lag med snø like under overflata som er lett å påverke. Det er lett for ein skiløpar å løyse ut skred no om dagen, seier Aasen til NRK.

Den tragiske ulukka i Aurland i går skjedde med svært erfarer skikøyrarar. Politiet fekk melding om raset ved Flenjaeggi like før klokka 14 søndag, og sende alt tilgjengeleg hjelpemannskap til staden. Men livet til ein 38 år gamal mann stod ikkje til å redde.

– Ein mann vart teken av snøskredet og kameratane fann vedkommande etter eit overflatesøk, sa operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt til NRK.

Måndag morgon var det meld faregrad 3 med auka fare for snøskred i mellom anna Sogn, Jotunheimen og Hallingdal i Sør-Norge.

Jostein Aasen

ÅTVARAR: Tinderettleiar Jostein Aasen følgjer nøye med på snøskredfaren.

Foto: Privat

Denne veka er det meld svært godt vêr på Vestlandet, og mange planlegg ein av dei siste skiturane denne sesongen. Det gjer at folk må følgje ekstra nøye med, meiner den erfarne fjellmannen Jostein Aasen.

– Først og fremst må dei følgje med på snøskredvarselet vårt på varsom.no. Om du høyrer drønnelydar i snødekket, så er det eit teikn på at du ikkje må gå inn i bratt terreng. Du må også halde avstand til bratt terreng fordi du kan fjernutløyse skred.

Aasen sine råd til folk som vil opp i fjellet for å gå på ski i dagane framover, er tydelege og klare:

  • Ikkje gå i, eller rett under bratt terreng
  • Ver merksam på drønnelydar i terrenget
  • Hugs at du løyse ut skred sjølv om du er langt unna bratta
  • Følg med på varsom.no
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.